Hopp til innhold

Er du god på koordinering og klar for å ta fagleg ansvar? Bli Disiplinleiar Maskin, Rør og HVAC i Ulstein!

Arbeidsgiver

Ulstein Verft AS

Sted

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

Om jobben

Stillingstittel
Disiplinleiar Maskin, Rør og HVAC
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Er du ein pådrivar? Då har vi noko til felles.Ulstein er ein internasjonal og nyskapande aktør innan maritime løysingar. I over 100 år har våre medarbeidarar utvikla framtidsretta skip, design og teknologi for den globale maritime industrien. Er du klar for å bli Disiplinleiar Maskin, Rør & HVAC i Ulstein Verft? Her blir du fagansvarleg og ein nøkkelperson i prosjekta med ansvar for koordinering av personell og trygge kvalitet i leveransane.

Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om korleis det er å jobbe i Ulstein!

Oppgåver du vil jobbe med

  • Ta leiinga for ditt fagfelt i prosjektet
  • Sikre at produksjonen leverer i tråd med spesifikasjonar – til rett tid og innanfor timeramma
  • Koordinere aktivitetar og ressursar innanfor fagområdet i produksjonen
  • I periodar kunne gå inn i rolla som assisterande prosjektleiar for nybygg
  • I periodar kunne gå inn i rolla som prosjektleiar i ettermarknadsoppdrag 
  • Følge opp og rapportere avvik – med klare analysar og løysingsforslag
  • Utforme endringsordrar (Change Orders) når prosjektet krev justeringar
  • Fremme god kommunikasjon og samarbeid i prosjekta
  • Ha kontroll på bortsett arbeid og sikre tilstrekkelig bemanning i prosjektet
  • Vere ein viktig støttespelar for Site Team i utlandet

Kunnskap og erfaring vi ser etter

Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har relevant utdanning som fagskule eller høgskule innan tekniske og maritime fag, og som har god produksjons- og teknisk forståing. Det er også ein fordel å ha kjennskap til HVAC-R og erfaring frå leiing. Du må også kunne å kommunisere både på norsk og engelsk.     

Vi verdset utvikling, både fagleg og personleg, så ikkje nøl med å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle krava.

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

  • Gode utviklingsmuligheiter
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt fagleg miljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning

Kontaktinformasjon

Vidar Hungnes, Department Manager - Pipe & Machinery, +47 90960746, vidar.hungnes@ulstein.com
Anne Holm Roppen, HR Advisor, 48924332, anne.roppen@ulstein.com

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

Referansenr.: 5078929888
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Anne Holm Roppen

HR Advisor

48924332

anne.roppen@ulstein.com

Vidar Hungnes

Department Manager - Pipe & Machinery

+47 90960746

vidar.hungnes@ulstein.com

Om bedriften

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dfbccdc0-8ec3-4c27-bc81-15ccbd71065f

Sist endret

10. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f4c7ed757cf842a78b85e5bab985830a

Lignende annonser