Bemanningskoordinator
Ulstein Verft AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Bemanningskoordinator
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. april
Er du strukturert, serviceinnstilt og klar for å bli ein del av Ulstein?
Vi søker no etter ein bemanningskoordinator som blir bindeleddet mellom leiarar, leverandørar og innleigd personell. Her vil du jobbe variert og praktisk, med alt frå kontraktsoppfølging og timelister til å sikre god dialog og effektive prosessar.
Vi kan tilby deg ein spanande arbeidsplass med kjekke kollegaer, fleksitid og gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om korleis det er å jobbe i Ulstein!.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og kan blant anna innebere:
- Bidra til oppfølging av kontraktar med underleverandørar
- Bistå avdelingsleiarar i kontakt med underleverandør knytt til m.a. organisering/registrering av innleigd personell
- Fakturakontroll
- Kontroll av timelister
- Oppfølging av Påsjå-plikta
- Ha oversikt over og bestille kurs og sertifikat til tilsette
- Generell støtte til leiarar i vårt produksjonsområde
Kvalifikasjonar
- God systemforståing og IT-kompetanse
- God skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Systematisk
- God organisasjonsmessig forståing
Vi tilbyr
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt og utviklande arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksitidsavtale
Kontaktinformasjon
Ole Osnes Gjerde, Produksjonssjef, +47 99 59 71 75, ole.osnes.gjerde@ulstein.com
Anne Holm Roppen, HR Rådgjevar, 48924332, anne.roppen@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS
Referansenr.: 5098138992
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0e0555c5-5660-4d1c-811f-3b22f789704b
- Sist endret
30. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6b4f2dcc854748a2bd7576fe25fab12a