Hopp til innhold

Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver

Regional avdeling spiseforstyrringar, Psykiatrisk klinikk,  Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen HF,

Sted

Haukelandsbakken 15, 5009 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Oppstart
23. mars 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk. Avdelinga er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet. Øvrige avdelingar i Psykiatrisk klinikk er Avdeling psykiatrisk akuttmottak, Avdeling stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling og Avdeling psykosomatisk medisin.

Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at Regional avdeling spiseforstyrringar skal vere leiande i fagfeltet. Som psykologspesialist/psykolog ved RAS vil du ha behandlingsansvar for pasientar i sengeposten. Du vil jobbe tett med eit høgspesialisert fagleg team som har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest. I vårt tverrfaglege behandlingsteam skal vi ha spesialistar i psykiatri, psykologspesialstar, psykologar, sosionom, Psykomotorisk fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog, spesialsjukepleiarar og sjukepleiarar.

RAS er ei av fire regionale einingar i Noreg, og gjev behandlingstilbod til pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt ein spesialistpoliklinikk. I tillegg har vi eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Vi har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe i samarbeid med Psykisk helsevern for barn og unge.

Vi har no ledig eit årsvikariat i sengeposten frå mars 2026. Vi oppfordrar psykologar i spesialisering i behov for sengepostpraksis til å søke.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og diagnostisering av pasientar knytta til avdelinga
  • Behandlingsansvar, planlegging og gjennomføring av behandling
  • Deltaking i tverrfagleg team
  • Samarbeid med lokale behandlingsteam for å sikre samanhengande pasientforløp
  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt i Helse Vest
  • Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykologspesialist/psykolog
  • Ønskeleg med kunnskap om og erfaring frå arbeid med pasientar med spiseforstyrringar
  • Må kunne bruke norsk på eit høgt nivå, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har eit engasjement for pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler av kompetansen din
  • Du tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt miljø

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
  • Høgt fagleg nivå på behandling av spiseforstyrringar
  • Spennande moglegheiter i samband med forsking og metodeutvikling
  • Varierande og spennande arbeidsoppgåver
  • Lønn iht gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Signe Haugen, Avdelingssjef, +47 55976822, signe.haugen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 15
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5066938399
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 23.03.2026
Sluttdato: 28.03.2027
Søknadsfrist: 03.02.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

df99ee46-c24d-4bd7-b273-5b191e13703f

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

93103f0633f84545876b46f63e72ba6b

Lignende annonser

Psykolog/Psykologspesialist

Arbeidsgiver

Rus- og avhengigheitsklinikken/ Poliklinikk Murhjørnet, Helse Bergen HF

Sted

Bergen

Psykologspesialist

Arbeidsgiver

Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

Sted

Tertnes