Hopp til innhold

Farmasøyt

Arbeidsgiver

SIH Sjukehusapoteket i Haugesund, Sjukehusapoteka Vest

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Farmasøyt
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 17. juni

Sjukehusapoteket i Haugesund (SiH) leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Fonna, og er eit stort apotek med omlag 40 tilsette. Sjukehusapoteket har fem operative avdelingar: Produksjonsavdeling, publikumsapotek, sjukehusekspedisjon, avdeling for farmasøytiske tenester og eit regionalt pakkeanlegg for eindose. Sjukehusapotekt i Haugesund leverer også tenester til Stord sjukehus og nokon medarbeidarar har arbeidsstad der nokre dager i veka.

Vi søkjer no etter ein farmasøyt til eit vikariat. Som farmasøyt hos oss bidreg du kvar arbeidsdag til at pasientar får legemidla dei treng, og at dei brukar dei på rett måte. Stillinga er spennande og fagleg utfordrande, og vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og gode kollegaer. Avdelingane våre samarbeider tett, og du får sjansen til – og kan forvente – å arbeide i fleire av dei.

Det er ønskjeleg med oppstart 1. september 2026, eller etter avtale, og vikariatet varer ut august 2027.

Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.

Vi ser fram til å høyre frå deg – og ta gjerne kontakt om du lurer på noko!


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva avdeling ein jobbar i, det kan vere mellom anna:

  • kundeservice, medisinstart, vaksinering og veiledning av kunder og pasienter 
  • produksjon og kontroll av eindosepakka legemidlar
  • klinisk arbeid på post, til dømes legemiddelsamstemming, legemiddelgjennomgang, undervisning og pasientsamtalar
  • vareflyt, logistikk og rettleiing av helsepersonell
  • produksjon og kontroll av cytostatika og andre tilsetningsprodukt

Andre oppgåver kan også tilfalle stillinga ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som farmasøyt.
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna.
  • Du har gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Du har gode IKT-kunnskapar.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som er ansvarsfull, tilpassar deg ulike oppgåver og arbeider nøyaktig med stor merksemd på kvalitet.
  • Du trivst i eit hektisk miljø og handterer travle periodar godt.
  • Du set pris på å bygge gode relasjonar og samarbeid på tvers av fagområda, samtidig som du arbeider sjølvstendig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • I tillegg har du interesse for å bruke digitale verktøy i det daglege arbeidet.
  • Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse.
  • Fagleg og personleg utvikling, blant anna gjennom varierte arbeidsoppåver, opplæring og kompetansebygging.
  • Eit arbeidsmiljø der vi ønskjer god takhøgd og rom for latter og humor.
  • Du får sjølvsagt løn i samsvar med gjeldande overeinstkomst.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Maria Birgitte Rossebø Areklett, Sjukehusapoteker, +47 93401870

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka Vest

Referansenr.: 5140011903
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 17.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Maria Birgitte Rossebø Areklett

Sjukehusapoteker

+47 93401870

Om bedriften

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,7 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

df35f6b6-001b-4d1a-ae5a-459f41abe2e4

Sist endret

3. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d1863091da2040e7b00925edefc066be

Lignende annonser

Laster lignende annonser