Hopp til innhold

Seksjonsleiar

Arbeidsgiver

Avdeling for sjukehuspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Vil du vere med på laget vårt?
Vi har no ledig stilling som seksjonsleiar ved Psykosebehandling SNR. Vi søkjer deg som vil vere med og vidareutvikle sjukehuspsykiatrien i Nordmøre og Romsdal. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, du kan gje dei tilsette fagleg rettleiing og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivilligheit, medverknad og redusert bruk av tvang.

Seksjonen er organisert i Avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal, og held til på SNR Hjelset saman med dei andre seksjonene i avdelinga. Alle døgnseksjonene i avdelinga er lukka og godkjent for tvang. Vi driv ein nyoppretta sengepost med 11 døgnplassar, og vi er på jakt etter ein seksjonsleiar som vil vere med i det vidare arbeidet med utvikling av eit framtidsretta behandlingstilbod. 

Seksjonen vår skal tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. I tillegg samarbeide med dei andre seksjonene i avdelinga og DPS-avdelinga vedr pasientflyt og pasientbehandling. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling.
I sengeposten har vi ei breidt samansatt personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematikk og ulike behandlingar som medikamenter, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming.  

Seksjonen har 2 overlegestilling, LIS, 1 psykologspesialist, tverrfagleg miljøpersonale, teamkoordinator og seksjonsleiar. 


Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar
  • Ansvar for dagleg drift og administrative oppgåver
  • Ansvar for seksjonen sine tenestar og resultat, mellom anna fagleg verksemd, kvalitet, arbeidsmiljø, økonomi- og ressursbruk
  • Bygge relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling
  • Medansvar for avdelinga sine tenestar og resultat
  • Fagansvar og fokus på fagutvikling
  • Vidareutvikling av seksjonen sine tenestar i tråd med overordna føringar
  • Positiv og aktiv deltakar i avdelinga si leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på universitet- eller høgskulenivå
  • Lege eller sjukepleiar med spesialiering innan psykiatri
  • Erfaring frå vaksenpsykiatri og innan leiing er ein fordel.
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Du har evne til å motivere høgt kvalifiserte medarbeidarar
  • Du er endringsmotivert og med god gjennomføringsevne
  • Du har gode evner til samarbeid og dialog
  • Du er motivert for å bidra til fagutvikling og endring i organisasjonen
  • Du har evne til å skape engasjement, motivasjon og arbeidsglede for dine tilsette
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til CV.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.

Kontaktinformasjon

Line Therese Heggem Lingen, Avdelingssjef, +47 957 07 045, Line.Therese.Heggem.Lingen@helse-mr.no

Arbeidssted

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5123969290
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Line Therese Heggem Lingen

Avdelingssjef

+47 957 07 045

Line.Therese.Heggem.Lingen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dec85772-b39c-4610-b1cb-ee1528dc0e3a

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6b0162bac63141d094324f4f5c262811

Lignende annonser

Laster lignende annonser