Postdoktor i nordisk litteratur
Universitetet i Bergen
Sydnesplassen 1, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Postdoktor i nordisk litteratur
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktor i nordisk litteratur
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei postdoktorstilling i nordisk litteratur ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Planlagd oppstart er 1. august 2026, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
I stillinga får du ein unik moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø.
Om instituttet:
LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Om «Velferd under gransking: Prekært liv i norsk samtidslitteratur»- prosjektet:
Postdoktorstillinga er knytt til prosjektet «Velferd under gransking: Prekært liv i norsk samtidslitteratur». Norsk samtidslitteratur skildrar mange menneske i prekære situasjonar, som mødrer utan sosialt nettverk, unge vaksne i mellombels arbeid, ungdom som er i ferd med å bli kriminell og barn med sjuke foreldre. Skildringane finst i romanar, kortprosa, barne- og ungdomslitteratur, teikneseriar og krim. Kva kan dei fortelje oss om prekært liv, korleis teiknar dei tilhøvet mellom hovudpersonane og ulike velferdsinstitusjonar? Kva forståing av velferd er uttrykt i desse tekstane?
Den som blir tilsett i postdoktorstillinga skal i særleg grad forske på norsk kriminallitteratur og undersøke korleis denne litteraturen utforskar slike spørsmål. Nordic noir er blitt ein eksportvare også for norske forfattarar, og den som blir tilsett skal bidra til forskinga på sjangeren.
Arbeidsoppgåver:
Den som blir tilsett som postdoktor, skal leia arbeidspakke 4: «Criminals in the welfare state». Det er forventa at ein skriv fire artiklar i løpet av perioden, og at perioden inneheld eit utvekslingsopphald. I tillegg skal postdoktoren arbeide tett saman med heile gruppa om andre emne i prosjektet.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga har som formål at den som blir tilsett skal opparbeide seg ein forskarprofil og kompetanse som gjer vedkommande kvalifisert for å søkje stilling som førsteamanuensis.
Den som blir tilsett må i samråd med instituttet utarbeide ein karriereplan som spesifiserer den kompetansen postdoktoren skal opparbeide seg.
Samla postdoktorperiode er tre år.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Søkjaren må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad som kvalifiserer til arbeid med nordisk, særleg norsk, litteratur. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
- Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjaren må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse med framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet, samt ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar. Søkjaren må vere kjent med prosjektskissa og framdriftsplanen for det overordna prosjektet «Velferd under gransking» og utvikle forskingsprosjektet sitt i tråd med det (prosjektskissa og framdriftsplan kan ein få ved å kontakta prosjektleiar, professor Christine.Hamm@uib.no).
Ved vurderinga av søknadane blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
- Brutto årsløn på kr 657 000 i full stilling (kode 1352). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og din motivasjon for å søkje stillinga.
- Under «CV», oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste).
- Språkferdigheiter.
- Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for doktoravhandlinga.
- Under «Vedlegg» lastast følgjande opp som separate dokument:
- Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa.
- Framdriftsplan for prosjektet, og plan for publisering i internasjonalt anerkjende kanalar.
- Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, lastast dei opp som vanlege filer.
- Dokumentasjon som viser at doktoravhandlinga er levert inn.
- Kort samandrag av doktoravhandlinga (inntil tre sider).
- Fullstendig liste over faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
- Inntil fem vitskaplege arbeid (til dømes avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
- Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.Formelle reguleringar:
- Kandidatar som tidlegare har hatt postdoktorstilling ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillinga.
- Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
- Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar, professor Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, telefon: +47 55583653 eller prosjektleiar, professor Christine Hamm, e-post: christine.hamm@uib.no, telefon: +47 48245260.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dec600ca-17f0-419d-8056-8fd6e497d8a4
- Sist endret
21. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10271003
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Postdoktor ved Sosiologisk institutt - knyttet til prosjektet SALELITE
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen