Hopp til innhold

Bli med på laget - vi søkjer to trafikklærarar!

Arbeidsgiver

Langvatn Trafikkskule As

Sted

MORKAMYRA 15, 6105 Volda, Hareid, Herøy (Møre og Romsdal), Ulstein, Volda, Møre og Romsdal, Ørsta, Stad, Stryn

Om jobben

Langvatn Trafikkskule AS er i vekst, og vi treng to trafikklærarar i 100% stilling for både personbil og tunge køyretøy.

Hos oss handlar det ikkje berre om å lære folk å køyre. Vi skal gi elevane kunnskap, tryggleik og meistring - og gjerne eit smil på vegen.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Trafikklærer
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 11. oktober

Send søknad til

post@langvatntrafikkskule.no

Hva vi ser etter

"Ta lappen med eit smil" er mottoet vårt, og det seier mykje om miljøet vi ønskjer å skape her hos Langvatn Trafikkskule.

Vi ser etter deg som er ein trygg og engasjerande trafikklærar, og som likar å få andre til å lykkast.

Du vil trivast hos oss dersom du:
  • er godkjent trafikklærar for personbil og tunge køyretøy

  • er engasjerande, utadvent og glad i å undervise

  • møter elevane med eit smil, tolmod, godt humør og respekt

  • arbeider sjølvstendig, men også trivst som ein del av eit team

  • kommuniserer godt på engelsk, både munnleg og skriftleg

  • meistrar engelsk

  • er fleksibel og kan jobbe helg ved behov

  • arbeider effektivt og er komfortabel med digitale verktøy

  • trivst med ein variert og til tider hektisk arbeidsdag

Kanskje er dette din neste jobb?

Dersom du ønskjer ein jobb der du får møte mange ulike menneske, bruke fagkompetansen din og vere med på å gi andre meistring og sjølvtillit bak rattet, håper vi du tek kontakt.

Klar for å bli ein del av laget?

Send søknad og CV til post@langvatntrafikkskule.no og ring gjerne 918 52 575 dersom du ønskjer å vite meir om stillinga. Alle førespurnader vil bli behandla konfidensielt.

Søknadsfrist: snarast.

Vil du vite meir om oss? Besøk www.langvatntrafikkskule.no eller finn oss på Facebook under "Langvatn Trafikkskule As".

Langvatn Trafikkskule AS - Tal lappen med eit smil!

Arbeidsoppgaver

Dette vil du jobbe med hos oss:

Vi tilbyr opplæring i førarkortklassene

B, BE, B96, D1, D1E, D, C1, C1E, C, og CE.

I tillegg driv vi med:

  • yrkessjåførkurs grunn- og etterutdanning innan godt- og persontransport

  • ADR-kurs i alle klassar

  • sikkerheitsrådgjeving

Hos oss kan du derfor få ein arbeidskvardag med stor variasjon - og moglegheita til å bruke kompetansen din på fleire område.

Vi tilbyr

Hos Langvatn Trafikkskule får du ein variert arbeidskvardag med stor moglegheit til å bruke og utvikle kompetansen din.

Du får:

  • 100% fast stilling i ein trafikkskule i vekst

  • ein variert arbeidskvardag med både personbil og tunge køyretøy

  • arbeide med dyktige og engasjerte kollegaer i eit positivt og fagleg sterkt miljø

  • moderne undervisningslokale og gode lærevogner

  • moglegheit til å bidra i både praktisk og teoretisk undervisning

  • faglege utfordringar og gode moglegheiter for utvikling

  • konkurransedyktige lønsvilkår

  • ein arbeidsplass der du bokstaveleg talt har fjell og fjord som utsikt frå arbeidsplassen

Vi er i dag tre faste tilsette, i tillegg til fleire innleigde kurshaldarar og lærarar. Med to nye trafikklærarar på laget tek vi eit nytt stort steg mot den vidare utviklinga av trafikkskulen.

Kontaktperson for stillingen

Hans Ivar Langvatn

Dagleg leiar

91852575

post@langvatntrafikkskule.no

Om bedriften

Langvatn Trafikkskule AS har i dag tre faste tilsette, og driv med opplæring på både personbil og tunge køyretøy.

Dagleg leiar Hans Ivar Langvatn har drive med trafikkopplæring sidan 1997 - både på personbil og lastebil, i tillegg til å ha arbeidd som yrkessjåfør i 10 år før det. Slik har han opparbeidd seg brei erfaring til å gi elevane best mogleg utbytte av opplæringa.

Trafikkskulen har låg strykprosent, og er ein svært ettertrakta aktør spesielt knytt til opplæring på tunge køyretøy, ADR-kurs og sikkerheitsrådgjeving.

Hovudkontoret ligg i Morkamyra 15 i Volda kommune.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dec2ff06-6d6f-4d07-9561-bd0fbe014f5e

Sist endret

5. oktober 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

dec2ff06-6d6f-4d07-9561-bd0fbe014f5e

Lignende annonser

Laster lignende annonser