Trafikklærar
Rotevatn Trafikkskule As
Ulstein, Volda, Ørsta
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Trafikklærer
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 1. desember
Send søknad til
Er du er ein ansvarleg og engasjert trafikklærar som likar å samarbeide med andre? Er du opptatt av å skape eit godt og trygt læringsmiljø i klasserom og praktisk undervisning? Er du sjølvstendig, løysingsorientert og utviklingsorientert, både på eiga hand og i samarbeid med andre?
Om du svarar ja på desse spørsmåla har vi plass til deg i staben vår. Vi søker no etter trafikklærar for klasse TGK, A1, A, B og BE, med hovudfokus på undervisning i klasse B. Du vil få ansvar for å både planlegge og gjennomføre kurs- og undervisningsopplegg som inngår i skulen sitt opplæringstilbod, særleg i klassane TGK og B, men også BE. Du vil i utgangspunktet ha Ulsteinvik som arbeidsområde.
Vi tilbyr ein spanande, utviklande og variert jobb i eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling. Du får vere ein del av ei faggruppe med lang og variert erfaring innan trafikkopplæring. Trafikkskulen er også representert i regionale og nasjonale faggrupper for MC, og har eit godt nettverk for erfaringsutveksling og kompetansebygging.
Du må ha trafikklærarutdanning frå Statens Trafikklærerskole/HINT.
Vi tilbyr gode vilkår, aktuelle kurs for eigenutvikling, OTP og gode lønnsvilkår.Søknad med CV kan sendast per e-post til dagleg leiar Kjell Erik Rotevatn, kjell.erik.rotevatn@gmail.com
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Rotevatn Trafikkskule AS tilbyr undervisning i kl. B, BE/B96, A/A2/A1 og TGK. Skulen har undervisningslokale i Volda, Ulsteinvik og Moa, og underviser på heile Søre Sunnmøre.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
377bd2fa-d700-43ca-9afe-8a4f0c0c66ab
- Sist endret
23. oktober 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
377bd2fa-d700-43ca-9afe-8a4f0c0c66ab