Helsesekretær
Felles akuttmottak, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Oppstart
- 17. august 2026
- Stillingstittel
- Helsesekretær
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 4. juni
Felles akuttmottak i Haugesund er ein spennande og variert arbeidsplass, der dagane sjeldan er like. Vi har høg aktivitet og eit sterkt fagmiljø. Du vil raskt merke at her er det både profesjonalitet og ekte engasjement for pasientane – og for kvarandre.
Kvart år tek vi imot om lag 20 000 pasientar frå alle fagfelt, inkludert barn. Du blir ein del av eit dedikert og triveleg team med fem helsesekretærar, tre faste legar og rundt 70 dyktige sjukepleiarar. Her legg vi stor vekt på trivsel, samarbeid og eit godt arbeidsmiljø.
Vi har no ledig eit vikariat som helsesekretær i turnus, med oppstart etter sommaren. Arbeidstida er fordelt på dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar tredje helg.
Kva går jobben ut på?
- Resepsjonsarbeid, som inneber å ta imot telefonar og møte pasientar og pårørande i ekspedisjonen.
- Registrere pasientar når dei kjem til akuttmottaket.
- Andre merkantile oppgåver, til dømes sending av rekningar og koding.
- Bidra til god pasientflyt i akuttmottaket.
- Blodprøvetaking og andre varierte oppgåver i avdelinga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som helsesekretær.
- Grunnleggjande kunnskap om klinisk vurdering av pasientar.
- Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Det er ein fordel om du har erfaring med IKT-systema DIPS, Meona, Nimes, Imatis og Libra.
- Det er ein fordel om du har erfaring med blodprøvetaking. Du får kurs og opplæring hos oss.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har blikk for når pasientar, pårørande eller kollegaer treng hjelp, og handlar raskt og trygt når situasjonen krev det.
- held roen i stressande situasjonar
- er eit trygt og positivt første møte for pasientane
- kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- likar å arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivst i team
- tek ansvar og er god til å finne løysingar saman med andre
- trivst med endringar – hos oss utviklar vi oss heile tida
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- eit godt fagmiljø
- ein spennande arbeidsplass i utvikling
- fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trude Karoliussen, Funksjonsleiar, +47 91856627Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5133035477
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 04.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Trude Karoliussen
Funksjonsleiar
+47 91856627
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
deb8353e-a390-40b8-8edb-60b563f39f11
- Sist endret
21. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
77737cff83e14e7d993e21e074e53fe7