Hopp til innhold

Psykolog - tilrettelagt tannhelsetilbod (TOO/TBiT)

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

6412 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Psykolog - tilrettelagt tannhelsetilbod (TOO/TBiT)
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest mandag 17. august

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har ledig 50–100 % fast stilling som psykolog. Stillinga inngår i tannhelsetenesta sitt TOO-team (tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi), kombinert med arbeid i TBiT (Trygge Barn i Tannbehandling). TOO er eit prosjekt i regi av Helsedirektoratet, og prosjektet sitt mandat er å tilby kognitiv åtferdsterapi til målgruppa. TBiT er eit behandlingstilbod for barn og ungdom mellom 8–18 år som har tannbehandlingsangst og/eller sprøytefobi i den grad at dei ikkje meistrar ordinær tannbehandling.

Stillingsstorleik er 50–100 %. Endeleg stillingsomfang og fordeling mellom TOO og TBiT blir avklart før tilsetting.

Tenestestad vil vere i Molde ved den offentlege tannklinikken Molde kompetanseklinikk.

Arbeidsoppgåver

Du får jobbe med

  • tannlege og tannhelsesekretær i tverrfagleg team
  • å diagnostisere og vurdere pasientane før angstbehandling hos tannlege
  • gjennomføre eksponeringsbehandling i tverrfagleg team
  • arbeid både innan TOO og TBiT
  • utadretta rettleiing og informasjonsarbeid
  • rettleiing av tannlegar og tannhelsesekretærar i forhold til pasientbehandling
  • å bidra i kompetanseutvikling om pasientgruppane i prosjektet

Kvalifikasjonar


  • Psykologspesialist eller psykolog med godkjent norsk autorisasjon
  • Erfaring med bruk av kognitiv åtferdsterapi, og ønske om å anvende metodikken i tverrfagleg team
  • Erfaring frå angstbehandling
  • Interesse for arbeid med odontofobipasientar
  • Gjerne har vidareutdanning i kognitiv åtferdsterapi
  • Gjerne har erfaring frå forsking
  • God kommunikasjonsevne og god samarbeidsevne er ein føresetnad
  • Evne til å uttrykke deg flytande og lett forståeleg både munnleg og skriftleg på norsk/skandinavisk

Personlege eigenskapar

  • Trivst med å jobbe med og for menneske
  • Jobbar effektivt og sjølvstendig
  • God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein variert og spennande kvardag på ein arbeidsplass i utvikling
  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • Offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • Tilsetting skjer ellers på vanlege fylkeskommunale vilkår
  • For ikkje-spesialistar vil det bli lagt til rette rette for relevant spesialiseringsløp
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest. For meir informasjon og søkje på stillinga, klikk på “Søkj på stilling” knappen på høgre side.



Kontaktpersoner for stillingen

Henriette Stavik Hollingen

Overtannlege Molde kompetanseregion

92414190

Yngvill Ane Stokke Westad

Yngvill Ane Stokke Westad Psykologspesialist

Telefon:99048686

Trine Beate Monsen

Leiar TOO-team

Telefon:93649606

Om bedriften

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

  • Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
  • Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
  • Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
  • Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?



Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

de0a22b8-2305-4a41-90a0-147fe918c41a

Sist endret

30. juni 2026

Hentet fra

AMEDIA

Referanse

4572057

Lignende annonser

Laster lignende annonser