Hopp til innhold

Ledig stilling som instruktør ved Brennabu leirskule - 80 % vikariat

Arbeidsgiver

Vestre Slidre kommune

Sted

Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Instruktør ved Brennabu leirskule
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 22. juni

Ønsker du ein fleksibel jobb, der du får skape glede og meistring hjå barn i utandørsaktivitetar året rundt? 

Vi har ledig en vikarstilling som instruktør i 80% ved Brennabu leirskule, med oppstart august 2026.

Dette er ein instruktør/ assistentstilling, difor er det ikkje krav om lærarutdanning i stillinga. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, spesielt evne til å oppnå gode relasjonar.

Brennabu leirskule tek i mot over 4000 elevar i grunnskulen gjennom heile skuleåret. Elevane er hos oss i ei veke frå måndag til fredag og får vere med på varierte friluftslivsaktivitetar.

Brennabu ligg på Vaset i vakre Valdres, like ved Jotunheimen. Her ligg alt til rette for eit aktivt friluftsliv gjennom alle årstider .

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil vere å leie barn og unge i ulike leirskuleaktivitetar sommar og vinter:

  • guide turar i fjellet til fots, på ski, i kano og på sykkel
  • instruere og leie klatreaktivitetar
  • instruere og leie handverksaktivietetar
  • fortelje historier

Kvalifikasjonar

Vi ønsker at du: 

  • har erfaring med å leie barn og unge
  • har god evne til å leie grupper sjølvstendig i varierte aktivitetar
  • er i god fysisk form
  • har, eller er villig til å ta brattkort innan klatring

Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ønsker at du :

  • likar å omgås og kommunisere med barn og har eit positivt elevsyn
  • er initiativrik og fleksibel i forhold til oppgåver
  • er god på samarbeid  og har evne til å oppnå gode relasjonar
  • er positiv og løysingsorientert
  • er glad i uteliv heile året
  • aktivt bidreg til eit godt arbeidsmiljø og deler kompetanse med kollegiet

Vi tilbyr

  • ein spennande, variert og morosam jobb
  • ei fleksibel arbeidsavtale
  • lønn etter tariff, elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtale
  • gode pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Jon Terje Rying, Rektor Brennabu, +47 91863886

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 SLIDRE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5143366210
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 22.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Jon Terje Rying

Rektor Brennabu

+47 91863886

Om bedriften

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ddfdb1e6-c030-412e-aeb5-1fdde91d626a

Sist endret

15. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

61f770060fa84c7ca80af9808b8fa4a0

Lignende annonser

Laster lignende annonser