Sjukepleiar - Haram omsorgssenter
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Storgata 20, 6270 Brattvåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar - Haram Omsorgssenter
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. august
Vi søkjer etter sjukepleiarar i følgjande stillingar:
- 100% fast stilling, for tida i turnus på dag/kveld. Stillinga består i hovudsak av langvakter, og har arbeid kvar 4. helg.
- 69,01% fast stilling, for tida i turnus på natt med arbeid 3. kvar helg. Det kan vere mogleg å auke stillingsprosent noko ved å jobbe todelt.
Stillingane er for tida på Haram omsorgssenter.
På Haram omsorgssenter har vi korttidsavdeling og langtidsavdeling. Sjukepleiarane er organisert i stab, og har lang og god erfaring med denne arbeidsmetoden. Det er tett samarbeid i sjukepleiargruppa, og med øvrige faggrupper.
I Ytre Haram omsorgsdistrikt er nattevaktene organisert i eit natt-team. Det er tett og godt samarbeid mellom heimetenesta og Haram omsorgssenter, med 2 sjukepleiarar og ein helsefagarbeider planlagt i turnus. Ein arbeider som eit team, med klar arbeidsfordeling på vakter.
Kommunalområde Helse- og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og å gi gode tenester til tenestemottakarane.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta oppgåver knytt til stillinga som sjukepleiar.
- Pleie og omsorg til brukarar.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar. 3. års sjukepleiarstudentar kan også søkje, med krav om å fullføre utdanning innan 2026.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Det er krav om dokumenterte språkferdigheter som tilsvarar B2 på Europarådet sin nivåskala for språk (CEFR).
Personlege eigenskapar
- Du må vere oppteken av fag og framtid.
- Du må vere løysingsorientert og engasjert.
- Du må kunne rettleie kollegaer og elevar/lærlingar/studentar.
- Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein spanande arbeidsplass med base i Brattvåg.
- Framtidsretta arbeidsmetodar med fokus på velferdsteknologi.
- Vi har stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Sandra Østborg Lorgen, Avdelingsleiar, 46946384, sandra.ostborg.lorgen@haram.kommune.noBeate Jeanett Austnes Nogva, Avdelingsleiar, 46865766, Beate.Jeanett.Austnes.Nogva@haram.kommune.no
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Storgata 206270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5156292714
Stillingsprosent: 100, 69,01%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ddc03bcc-d154-468d-ae79-3729617b9a0a
- Sist endret
10. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
68578169465c435b985f10bcfd06f416