Hopp til innhold

Vernepleiar fast stilling

Arbeidsgiver

Tenesteområde Butenester

Sted

Brattvåggata 19, 6270 Brattvåg

Om jobben

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Vernepleiar fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 28. juni

Butenesta i Haram søkjer vernepleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er for tida plassert ved Haram bustader 1. 
Vi tilbyr spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø. Turnus er for tida dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar 3. helg.

Hovudkontoret vårt ligg i Brattvåggata 19. Haram bustader yter i hovedsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming, og vi har fokus på fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som vernepleiar får du vere ein del av dette arbeidet.

Haram bustader består av tre avdelingar: Haram bustader 1 som består av bustader, Haram bustader 2 som består av bustader og Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning.

Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide, iverksette og evaluere mål og tiltak for tenestemottakarane og tenesta. 
  • Sikre tenestemottakarar ein god heim med tenester i tråd med deira behov og ønskje.
  • Direkte tenesteyting i medhald til vedtak, planar, rutinar og prosedyrer.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta.
  • Legemiddelhandtering.
  • Samarbeid med pårørande, verger og eksterne samarbeidspartnarar. 
  • Bidra til fagutvikling i tenesta. 
  • Rettleiing av kollegaer, tenestemottakarar, pårørande, studentar og elevar 
  • Oppfølging og saksbehandling av vedtak etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Må ha gyldig politiattest.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Du må vere oppteken av å yte gode tenester.
  • Du må vere opptatt av fag.
  • Du er ein aktiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø.
  • Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
  • Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling
  • Rom for å vere kreativ
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Jobb i eit miljøterapeutteam i lag med 5 andre miljøterapeutar i Haram bustader 1, samt helsefagarbeidarar og assistentar

Kontaktinformasjon

Susanne Kristin Snipsøyr, Avdelingsleiar Haram bustader 1, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Brattvåggata 19
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5136239772
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 28.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Linn Borgund

Tenesteleiar

97595965

linn.borgund@haram.kommune.no

Susanne Kristin Snipsøyr

Avdelingsleiar Haram bustader 1

90016534

Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no

Om bedriften

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7d9efc44-ec3f-4062-8c8b-a77c932962f8

Sist endret

8. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

dadd6d9c34d64582ac8f9b4e6d92e7c1

Lignende annonser

Laster lignende annonser