Hopp til innhold

Namsfullmektig

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Kristiansund politistasjon, Storgata, 6501 Kristiansund N

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Namsfullmektig
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Om stillinga

Vi har ledig ei fast 100 % stilling som namsfullmektig/førstekonsulent ved vår seksjon for forvaltning og sivil rettspleie i Kristiansund. 

Ei av hovudoppgåvene i denne stillinga vil vere innan utlegg. Også oppsøkjande verksemd er ein del av stillinga i samband med forkynningar og namsmannsoppgåver. Stillinga er underlagt Kristiansund politistasjonsdistrikt.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er motivert for å jobbe for klientar som kan vere i ein vanskeleg situasjon. Du er serviceinnstilt og har forståing for rolla til namsmannen i samfunnet. Du trivst også godt med å samarbeide med andre. 

Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse og arbeidsmoral. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid, og bygger tillit til publikum, noe som er avgjørende for å oppnå suksess i vår organisasjon. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • sjølvstendig saksbehandling innan sivil rettspleie - alle typar saker. Fortrinnsvis utlegg, men kan også bli pålagd oppgåver innan tyngre tvang og forlik
  • kontakt med eksterne etatar/samarbeidspartnarar
  • motta og registrere saker
  • rettleie publikum
  • hovudstevnevitne
  • kan bli pålagt andre arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • relevant høgare utdanning med til saman tre år på høgskule/universitet. Relevant fagbrev og/eller erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
  • gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • økonomisk vederheftigheit. Ved eventuelt intervju må du ha med deg utskrift av kredittinformasjon om deg sjølv for å vise at du ikkje har betalingsmerknadar
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring frå sivil rettspleie, bank eller innkassoverksemd
  • relevant erfaring frå saksbehandling innan offentleg forvaltning eller frå privat sektor
  • juridisk og økonomisk kompetanse/forståing
  • erfaring frå publikums- og kundebehandling
  • gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du

  • har gode kommunikasjonsevner
  • har gode samarbeidsevner
  • er serviceinnstilt
  • er initiativrik og løysingsorientert
  • kan arbeide sjølvstendig, systematisk og strukturert

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • fast stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408) med årslønn frå kr. 510.000 til kr. 620.000
  • for særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare stillingskode og lønnsplassering bli vurdert
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no 
  • det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er IA-bedrift og knytt til bedriftshelsetjeneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Flotte fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dd59f8d4-98c4-4134-a0f6-27019e1c86c3

Sist endret

10. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10278393

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Kristiansund N

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Kristiansund N