Hopp til innhold

Undervisningsstilling - Handverk, design og produktutvikling

Arbeidsgiver

OPK-AR - Årstad vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Fjøsangerveien 38, 5053 Bergen

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Undervisningsstilling - Handverk, design og produktutvikling
Type ansettelse
Vikariat, deltid 85%
Arbeidstid
Dagtid

Søk på jobben

Søk senest fredag 5. juni

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, i tillegg innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø.  Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/ 

Vi har ledig undervisningsstilling på Handverk, design og produktutvikling. Det er eit vikariat på inntil 85% ut mars 2027.


Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver som tilhøyrer undervisningsstillinga
  • Leie opplæringsprosessar og følgje opp elevane innan utdanningsprogrammet
  • Tverrfagleg arbeid med programfag på alle trinn
  • Tett samarbeid med faglærarar på avdelinga
  • Aktiv deltaking i eit framoverlent profesjonsfelleskap, både fagleg og pedagogisk
  • Kontaktlærarfunksjon kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Lærar i søm- og tekstilhandverk
  • Yrkesfaglærarutdanning
  • Pedagogisk kompetanse
  • Erfaring med entreprenørskap er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid og lagtenking - både internt og eksternt
  • Liker å utforske metodar som skaper elevaktiv læring    
  • Evne til å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer  
  • Pedagogisk og fagleg nyfiken  
  • Opptatt av å skape trygge og gode læringsmiljø og opptre som ein tydleg leiar i klasserommet  
  • God profesjonsfagleg digital kompetanse  

Vi tilbyr

  • Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram
  • Ein kultur prega av mangfald og engasjement 
  • Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk  

Andre opplysningar:

  • Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månadar  
  • Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule   

Kontaktinformasjon

Rita Gjerde, avdelingsleiar, 41234761

Arbeidsstad

Fjøsangerveien 38
5053 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5132783231
Stillingsprosent: 85%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.03.2027
Søknadsfrist: 05.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Rita Gjerde

avdelingsleiar

41234761

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dc7ef808-11e2-40b9-af91-07bd7a86a522

Sist endret

22. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9f461dd3643f4d08964a075e67f6b441

Lignende annonser

Laster lignende annonser