Hopp til innhold

Vil du bli vår nye maskinsjef?

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

Lote-Anda, 6019 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Maskinsjef pt MF Gloppefjord
Oppstart
18. mars 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 7. april

Attraktiv turnus: 2 veker på, 3 veker fri. Fagleg utfordrande stilling på eit fartøy med godt arbeidsmiljø.

Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og velferdsordningar. Lote-Anda er Norges første heilelektriske samband og vert drifta av nybygde fartøy frå 2016. Her får du lange friperiodar til familie og fritid. 

Fjord1 disponerar bustad i nærleiken av sambandet, men det er fordelaktig at søker bur lokalt. Aktuelle kandidatar kontaktast fortløpande.

Kvifor bør du søke?
  • Du blir ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer.
  • Lange friperiodar.
  • Ein jobb der du får tenke løsningsorientert og operativt
  • Karrieremoglegheiter: Moglegheiter for prosjektarbeid ved nybygg, instruktørarbeid m.m.

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
  • Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
  • Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
  • Opplæring av personell under si leiing.
  • Oppgåver knytt til alarminstruks.
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.
  • Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 
  • Kontaktinformasjon

    Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no

    Arbeidsstad

    Lote-Anda
    6019 Lote-Anda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5072864382
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Startdato: 18.03.2026
    Søknadsfrist: 07.04.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Jonas Hovland

    Rekrutteringsrådgiver

    +47 90210232

    jonas.hovland@fjord1.no

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    dbdd66d4-e4c7-4909-8443-6708212f8752

    Sist endret

    17. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    edab861408694b808ff4a6db62a33b3d

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser