Hopp til innhold

Mentor ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

postboks 7802, 5020 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Studentmentor
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
30
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w

Studentmentor

Bli med på å gi nye studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet ein god studiestart! 

Studieåret 2026/2027 fortset vi tilbodet med ei mentorordning for nye studentar på års-, bachelor- og integrerte masterprogram. Mentorordninga vil gi eit gruppetilbod i studiestarten. I tillegg vil mentorgruppene samlast fleire gonger i løpet av det første semesteret. 

Til å vera mentor treng vi deg som allereie har erfaring som student. Som mentor vil du ha ansvar for å leia mentorgruppa di gjennom ulike prosessar og aktivitetar gjennom det første semesteret. Målet er å hjelpa dei nye studentane til å koma godt i gang med utdanninga si, både fagleg og sosialt. Les meir om mentorordninga på vår nettside: https://www.uib.no/svf/146601/mentorordningen-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultet

Du må vera student på SV-fakultetet og gjerne tidleg i utdanningsløpet ditt (2. eller 3. studieår). 

Det er også ein fordel (men ikkje eit krav) dersom du er engasjert i studierelaterte aktivitetar som til dømes medlem av faglege, sosiale eller studentpolitiske foreiningar og utval.


Kva er arbeidsoppgåvene til ein mentor?

  • Du vil leia ei gruppe på ca. 15-25 studentar 
  • Delta i programmet for studiestartveka i veke 33
  • Planlegga og gjennomføra møte med mentorgruppa gjennom haustsemesteret
  • Delta på erfaringsutvekslingsmøte med andre mentorar på fakultetet 
  • Delta i evalueringsmøte og skriva korte rapportar/referat frå møta med mentorgruppa 
  • Svara på spørsmål frå enkeltstudentar i mentorgruppa utanom dei oppsette møta

Opplæring og kurs

Som mentor vil du, over to kursdagar, få opplæring i rolleforståing og gruppe- og prosessleiing, og praktisk gjennomgang av opplegg i mentorgruppa. Du vil også bli følgt opp av mentorkoordinator på fakultetet. Du må vera tilgjengeleg på opplæringsdagane 5. og 6. august.


Forventingar til deg

  • Du er open, empatisk og kan improvisera
  • Du kan arbeida sjølvstendig, men også i team
  • Du må vere trygg på å leie ei gruppe
  • Du er strukturert og god til å planlegga
  • Du er motivert til å hjelpa nye studentar, og bidra til eit godt læringsmiljø på fakultetet 
  • Du har god innsikt i studieprogrammet du går på og det faglege innhaldet der

Arbeidstid, lønn og attest

Jobben som mentor er lønna (inkludert kurs, førebuing og evaluering). Totalt er arbeidsforholdet på ca. 30 timar. I jobben som mentor blir du tilsett som fagkonsulent. Lønna er på 223,48 kr per time. Eventuelle kollisjonar med eiga obligatorisk undervisning kan vi legge til rette for. Du får ein attest frå Det samfunnsvitskaplege fakultet etter at jobben er utført. Du kan kombinera jobben som mentor med å vera fulltidsstudent, også med eventuelle andre deltidsjobbar. Du kan også både vera fadder og mentor.


Generell informasjon:

Søknadsfrist: 6. april 2026

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Seniorrådgivar Helene Unneland, helene.unneland@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dbdc1f1e-1d79-421d-a835-65de7a74ee8f

Sist endret

24. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10284012

Lignende annonser