Hopp til innhold

Miljøarbeidar ungdomsskule 

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Miljøarbeidar - ungdomsskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Om stillinga

Alver kommune oppretter stillingar som miljøarbeidere som  skal arbeide for eit trygt og godt skulemiljø og for at elevane skal trivast på ungdomsskulen. Det er inntil 2 heile stillingar og inntil 2 - 3 deltidsstillingar.

Stillingane vil bli fordelt på ungdomsskulane i Alver kommune.  Du kan lese meir om skulane her 


Om skulane og stillingane

I stlllinga vil du arbeide tett på elevar i kvardagen og bidra til både fagleg, sosial og emosjonell utvikling. Stillinga er ein viktig del av skulen sitt tverrfaglege lag, og du vil vere med på å skape eit inkluderande og trygt læringsmiljø for alle.
 

Miljøarbeidarane  arbeider for at alle elevar skal trivast og ha ein god skulekvardag. Dei er synlege i skulemiljøet og er lett tilgjengelig for alle på skulen. Miljøarbeidarane arbeider for eleveane si positive endring og utvikling gjennom arbeid med tilrettelegging av det psykososiale miljøet. Dei vil arbeide  førebyggande mot mobbing, rusproblematikk og annen uønska åtferd.

Miljøarbeidarane kan ha rolla som også elevrådskontakt. 

Stillingane vil arbeide i skulemiljøet , være ein del av samarbeid med andre t.d. som Ung Alver, skulehelsetenesta, førebyggande ungdomsnettverk, ungdomsklubb,  MOT koordinator mv.

 


Arbeidsoppgåver

Miljøarbeidarane arbeider for at alle elever skal trivast og ha ein god skulekvardag. Dei skal være synleg i skulemiljøet og vere lett tilgjengeleg for alle på skulen. 

Miljøarbeidarane  skal arbeide for elevene si positive endring og utvikling gjennom arbeid med tilrettelegging av det psykososiale miljøet. 
Dei arbeider førebyggende mot mobbing, rusproblematikk og annen uønska adferd.
Miljøarbeiderne er ein naturleg del i kontakt med elevrådskontakt og andre fora der det er arbeidd med skulemiljø. t.d Ung Alver,  MOT, skulehelesetenesta, m.m.

Arbeidsoppgåver:
Planleggje og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i samarbeid med lærarar og spesialpedagogar
Støtte elevar i læringssituasjonar, friminutt og andre sosiale arenaer
Arbeide med skulemiljø,klassemiljø, relasjonsbygging og førebygging av konfliktar
Følgje opp enkeltelevar med særskilde behov og bidra til individuelle oppfølgingsplanar
Bidra i førebygging av mobbing og uønskt åtferd
Støtte elevar i å utvikle gode strategiar for eigenregulering og konfliktløysing
Samarbeide tett med føresette og eksterne instansar som PPT, helsesjukepleiar og andre faginstansar
Dokumentasjon og deltaking i møte
 


Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med relevant utdanning gjerne på høgskulenivå. 
  • Fagarbeidarutdanning som feks barne og ungdomsarbeidarfaget  og relevant erfaring,  eller vidareutdanning og eigenskaper er også sett som aktuelle
     
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge, gjerne i skule
  • God skriftleg og munnleg norsk
  • Erfaring med arbeid knytt til psykisk helse hos barn og unge
  • Kjennskap til spesialpedagogiske tiltak og tilpassa opplæring
  • Det er ein fordel med erfaring innan miljøterapi, åtferdsarbeid eller spesialpedagogikk
  • Kjennskap til relevant lovverk i skulen.
  • MOT‑coach‑utdanning eller erfaring frå MOT‑arbeid er ein fordel
  • Kjennskap til haldningsskapande arbeid og ungdomsrettleiing

Kven er du?

  • Personlege eigenskaper knytt til stillinga er viktig slik som: 
    • tydelig og trygg vaksenperson
    • god relasjonskompetanse og evne til å skape tillit
    • positiv, løysingsorientert og fleksibel
    • evne til å arbeide sjølvstendig og i team
    • høg grad av samarbeidsevne og profesjonell relasjonsbygging
    • strukturert, tålmodig og med evne til å tenkje langsiktig
    • bidreg aktivt til eit godt skulemiljø og profesjonsfellesskap

       


  • Me tilbyr

    Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange

    • Oppfølging og rettleiing
    • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
    • God pensjonsordning i KLP
    • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
    • Arbeidstida er på dagtid, og har normalt arbeidsår. 100 % stilling kan medføre noko komprimering og arbeid ettermiddag og kveld i samarbeid med t.d. ungdomssklubb og andre.
      Bli med i vårt dedikerte team og bidra til å forme framtida til elevane våre!

       Send inn søknaden din i dag og bli ein del av det engasjerande miljøet ved ungdomsskulen.


      Vi ser fram til å ønskje deg velkomen til vår skule og tilby deg ein gjevande og utviklande arbeidsplass


    Me er ein organisasjon i læring! 

    Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


    Me er Alver

    Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

    Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

    Politiattest 

    I tråd med opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
     


    Kontaktpersoner for stillingen

    Hilde Aasehaug Søraas

    Rektor Ostereidet ungdomsskule

    +4791719287

    hilde.aasehaug.soraas@alver.kommune.no

    Irene Hystad Hugaas

    Tenesteleiar

    +4793499892

    irene.hystad.hugaas@alver.kommune.no

    Marianne Herø

    Rektor Radøy ungdomsskule

    +4798615415

    marianne.hero@alver.kommune.no

    Mikal Lussand

    Rektor Rossland skule

    +4797081927

    mikal.lussand@alver.kommune.no

    Om bedriften

    Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

    Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

    Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

    Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

    Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    dbcbe4a8-a2ea-45af-86c4-a094e2e6936e

    Sist endret

    20. april 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10292151

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser