Mann på 32 treng assistentar (fast og tilkalling!
Prima Assistanse avdeling Vestland
5600 Norheimsund
Om jobben
- Stillingstittel
- BPA assistent
- Type ansettelse
- Fast, deltid 40%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Eg er ein kjekk kar i byrjinga av 30-årasom som søkjer nye BPA-assistentar. Dette er ein jobb for deg som har godt humør, pågangsmot og ikkje redd for å bli skitten på hendene. Eg har fleire ledige stillingar, både fast 40% og som tilkalling (ved sjukdom/høgtid/ferier).
Eg er interessert i landbruk, politikk, fest og eg har eit spesielt forhold til god whisky. Grunnen til at eg treng assistanse er at eg har ein progressiv sjukdom som gjer at eg sit i rullestol, har problem med å styre armer og bein, og store utfordringar med tale og syn.
Jobben er så variert at det er vanskeleg å skildre, men den går i hovudsak ut på å vera mine armar og bein og auge. Eg treng hjelp til alt av kvardagslege gjeremål som til dømes personleg hygiene, mat, husstell og liknande. I tillegg liker eg reising, konserter og alt som gjev adrenalin. Arbeidstida er morgon eller kveldsvakt, altså 08:00-15:30 og 16:30-00:00.
Oppstart vil vere så snart som mogleg!
Kven vil trivast hos meg:- Du er løsningsorientert og likar folk
- Du må ha ein god dose humor og tålar ein spøk
- Eg er spontan og ynskjer at du deler denna eigenskapen
Søknadskriteria:
- Du må vere påliteleg, samt ha godt humør og vere positiv
- Du kan ikkje ha rulleblad
- Du må ha førerkort klasse B.
Eg tilbyr:
- Gode arbeids- og lønsbetingelsar gjennom tariffavtale
- Grundig opplæring og tett oppfølgjing av lokalkontor
- Ein sjølvstendig jobb med varierte arbeidsoppgåver
Det er viktig for meg at du skal ha eit godt arbeidsmiljø.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
db6a9797-7f34-4e1f-b94f-b55733439932
- Sist endret
8. juni 2026
- Hentet fra
vilect
- Referanse
5b98c220-64c7-4f36-baa7-f364fad2dca5