Dataingeniør
Tussa
Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
Om jobben
- Stillingstittel
- Dataingeniør krafthandel
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Tussa Energi
Tussa Energi er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har om lag 30 medarbeidarar. Tussa Energi planlegg, byggjer og driv vasskraftverk, og kjøper og sel kraft i kraftmarknaden.
Spennande stilling i krafthandelsavdelinga
Tussa Energi står ei digital omstilling der blant anna betre utnytting av data frå kraftverka våre står sentralt. Vi leitar no etter fleire dyktige kollegaer som kan bidra til omstillinga.
Tussa Energi har ansvar for vedlikehald og utvikling av eksisterande kraftverk, bygging av nye kraftverk og omsetjing av produsert kraft.
Vi nyttar dataplattforma Azure, der vi brukar verktøy som Databricks, dbt og Terraform for å byggje og vidareutvikle plattforma. Vi nyttar GitHub med CI/CD-løp for trygg og effektiv utvikling. Som presentasjonsflater og brukargrensesnitt nyttar vi Power BI, Docker og Streamlit. Integrasjon og dataflyt frå produksjonssystem (OT) er ein viktig del av arbeidet, og vi satsar på løysingar som gjer denne informasjonen meir strukturert, påliteleg og lett å utnytte vidare. Vi vurderer løpande bruk av nye verktøy som t.d. Grafana for visualisering og overvaking.
Du treng ikkje å kunne alle verktøya frå før. Det viktigaste er at du er nysgjerrig, lærevillig og har lyst til å vere med og byggje gode, framtidsretta dataløysingar saman med oss.
Du vil blant anna jobbe med:- Vidareutvikling av Tussa Energi si dataplattform
- Dataflyt mellom kraftverk, SCADA-system og måleverdidatabase
- Dataforvalting, -kvalitet, -analyse og -innsikt
- Utvikling av løysingar for avviksdeteksjon og prediktivt vedlikehald i grensesnittet mellom OT og IT
- Industrielle kommunikasjonsstandardar som OPC UA
- Standardisering av data
- Høgare utdanning innan kybernetikk, industriell matematikk, datateknologi, informatikk eller anna relevant fagfelt (bachelor eller master).
- God kjennskap til Python og SQL.
- Interesse for dataanalyse og maskinlæring i industrielle prosessar.
- Erfaring med (eller ynskjer å lære meir om) datamodellering, IaC i Azure, Databricks, Kubernetes, Kafka og CI/CD i Github Actions.
- 3+ års arbeidserfaring
Søknad
Du må ikkje oppfylle alle punkta for å søkje. Har du relevant bakgrunn og er motivert for stillinga, vil vi gjerne høyre frå deg.
Vi tilbyr
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid selskap med høg aktivitet
- Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Gode velferds-, pensjons- og forsikringsordningar
Før tilsetting vil vi gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting vert gjort med føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Om bedriften
Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Konsernet har som visjon å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.
Konsernet sitt hovudkontor ligg i Ørsta – i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
db3fd86e-ce21-42e3-880d-7b3b1d9778cd
- Sist endret
27. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10287598