Hopp til innhold

Fagarbeidarar - Fast og vikariat

Arbeidsgiver

Åmot skule, Vinje kommune

Sted

Raulandsvegen 58, 3890 Vinje

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidarar - Fast og vikariat
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i dag

Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar.

Me søkjer etter engasjerte og dyktige fagarbeidarar til fast stilling og vikariat for skuleåret 2026/27. Me ser etter deg som brenn for å vera med på å gje elevane på skulen undervisning, trivsel og utvikling – og som vil vere med og skape ein skule der både elevar og tilsette kjenner seg sett, støtta og inspirerte. Åmot skule er ein inkluderande 1.–10.-skule med høge ambisjonar for både fagleg og sosial utvikling. Me har eit sterkt fagmiljø, godt samarbeid i personalet og eit aktivt skulemiljø med fokus på livsmeistring og praktisk læring.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Velkomen som søkjar.


Arbeidsoppgåver

  • Vere ein trygg vaksen som byggjer gode relasjonar og fremjar trivsel og læring
  • Arbeide målretta med elevar som treng ekstra støtte, både fagleg og sosialt
  • Delta i arbeid knytt til individuell oppfølging, inkludert før- og etterarbeid til undervisning
  • Bidra til ro, struktur og kvalitet i læringsmiljøet
  • Støtte elevar i overgangssituasjonar og friminutt ved behov
  • Vere med på både førebygging og handtering av utfordrande situasjonar
  • Samarbeide tett med lærarar, miljøterapeutar og andre fagarbeidarar
  • Bidra i SFO før og etter skuletid
  • Utføre praktiske oppgåver som høyrer til skule- og SFO‑drifta
  • Dokumentere relevant arbeid etter behov og i tråd med interne rutina

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Anna relevant fagbrev, eller erfaring frå arbeid med barn og unge, kan bli vurdert
  • Erfaring frå skule, barnehage, SFO eller liknande er ein fordel
  • Kompetanse i arbeid med barn som treng ekstra støtte fagleg eller sosialt
  • God digital kompetanse og evne til å ta i bruk digitale verktøy i skulekvardagen
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Trygg og varm i møte med elevar, og god på å skape relasjonar
  • Tålmodig, støttande og positiv, også i utfordrande situasjonar
  • Fleksibel og løysingsorientert i ein kvardag som kan endre seg raskt
  • Gode samarbeidsevner – jobbar godt saman med lærarar, miljøpersonale og andre vaksne
  • Evne til å vere tydeleg og roleg i situasjonar som krev struktur eller grensesetjing
  • Ansvarsbevisst og påliteleg, med evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Kan bidra aktivt til eit godt læringsmiljø og eit inkluderande fellesskap
  • Er lærevillig og utviklingsorientert, og ynskjer å bidra i skulen si faglege utvikling

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing

 

Me tilbyr

  • Gode løn-, forsikrings- og pensjonsordningar
  • Lunsj til hyggjeleg pris for tilsette
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §17-11. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Lever kopi av vitnemål og attestar i samband med intervjuet.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Rune Sudbø Tveito, Verksemdsleiar

Arbeidsstad

Raulandsvegen 58
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5079494851
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Rune Sudbø Tveito

Verksemdsleiar

Om bedriften

Vinje kommune er den største kommunen i Telemark, med om lag 3800 innbyggjarar. Kommunen ligg ved foten av Hardangervidda nasjonalpark. Vinje har spelt ei viktig rolle i høve industrihistoria og er difor på UNESCO si verdsarvliste. Vinjeskulen er opptatt av samskaping og samarbeid på tvers av einingar. 

Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg, og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1-10 skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

da7d71c1-ce39-485e-87bb-23463f5301f2

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

21650b9dee38474b9a86dab92bd7799a

Lignende annonser