Hopp til innhold

Overlege barne- og ungdomspsykiatri

Arbeidsgiver

DØGNSEKSJON PHBU OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Geilebergvegen 18, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Overlege barne- og ungdomspsykiatri
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 9. desember

Vi har ledig eit års vikariat for spesialist i barne- og ungdomspsykiatri ved døgneininga i Ålesund. Oppstart 4 januar eller etter avtale.

Vi er på jakt etter en dyktig og engasjert spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, med evne til å jobbe både sjølvstendig og i team. Vi ser etter deg som innehar ein høg fagleg standard og gode relasjonelle ferdigheiter. Du er fleksibel, strukturert og initiativrik. Hos oss blir du del av eit fagleg godt fellesskap, og vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit trivelig arbeidsmiljø.

Døgneininga vår er saman med dei 4 poliklinikkane i fylket det som utgjer psykisk helsevern for barn og ungdom. Eininga i Ålesund har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Vi er samlokalisert med poliklinikken i Ålesund og arbeider for eit felles fagmiljø. Ein kan også få oppgåver knytta til poliklinikken. Vi tek imot pasientar med alvorlige psykiske lidingar, både til frivillig innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog).

Arbeidsdagane på eininga er varierte, både i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidsmengde, og vi kan ha rolegare periodar der ein har rom for fagleg utvikling. Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten og de vil jobbe tett saman med andre behandlarar og miljøterapeutar. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!


Arbeidsoppgåver

  • Psykiatrisk utgreiing og diagnostiske vurderingar, medisinering
  • Delta aktivt i tverrfagleg behandlingsteam
  • Rettleiing/supervisjon av LiS
  • Ta del i legemøter saman med tilsette i poliklinikken i Ålesund, og i avdelinga sine legemøter
  • undervising
  • Medvirke i fagleg utviklingsarbeid for å møte framtida sitt behov for helsetenester
  • Deltaking i bakvaktsordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk spesialistgodkjenning i barne- og ungdomspsykiatri og gjerne med erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern for barn og ungdom
  • Må mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg
  • Søkjarar som er på slutten av si spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri kan også vere aktuell for stillinga

Personlege eigenskapar

  • Evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Gode evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Interesse for fag- og organisasjonsutvikling, og for forbetringsarbeid
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
  • Ha evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Ha evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personelg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, Beate.Olsbo.Nilsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Geilebergvegen 18
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5215213440
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 09.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Beate Olsbø Nilsen

Seksjonsleiar

Beate.Olsbo.Nilsen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

da0ca361-2adb-40ad-ac1f-1c6376e679d2

Sist endret

25. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

51442e9f41f040269dd0d46a10e81749

Lignende annonser

Laster lignende annonser