Hopp til innhold

Psykolog

Arbeidsgiver

Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. november

Poliklinikken (BUP) i Ålesund har to 100% stillingar for psykolog!

Arbeidet er tilknytta generalistteam eller evt akutt ambulant team med tiltredelse frå snarast.

Poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert med akutt sengepost/døgnseksjon og har eit breitt samansett og spanande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Personalet på poliklinikken er samansett av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team.

I tillegg til generalistteam har vi eit akutt ambulant team. Vi har etablerte ressursgrupper som mellom anna gir tilbod om spesialisert OCD-og angstbehandling (mellom anna med ein 4-dagars behandlingsmodell), eit spanande fagmiljø for gruppebehandling, sped- og småbarn, samt at vi innehar spesialisert kompetanse for barn og ungdom med eteforstyrringar, psykoser og traumer. 

Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for denne gruppa er ei forventa arbeidsoppgåve.

Er du på utkikk etter ei stilling som psykolog der du vert ein del av eit godt fagleg fellesskap? Ta gjerne kontakt så får du høyre meir om oss!


Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom med psykiske lidingar (av moderat til alvorleg grad) og funksjonsforstyrringar
  • Rettleiing og samarbeid med våre samarbeidsinstansar (kommunal helsetjeneste, PPT, barnevern osv.) 
  • Bidra med psykologisk fagkompetanse i teamet og i psykologgruppa

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog 
  • God erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta, og gjerne med interesse for arbeid med små barn, unge med rusproblematikk, eventuelt også for nevroutviklingsforstyrringar (autisme, ADHD m.v.)
  • Krav om å meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Politiattest må leggast fram før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
  • Du har evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Du er fagleg engasjert, fleksibel og løysningsorientert
  • Du vert kontinuerleg  involvert i fag- og organisasjonsutvikling, og du er aktiv deltakar med sjølvstendig initiativ i denne utviklingsprosessen

Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Vi har høg grad av fagleg spesialisert kompetanse og tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass som verdsetter fagleg engasjement
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Inger Ann Berge, Seksjonsleiar, 70167200, inger.ann.berge@helse-mr.no

Arbeidsstad

Geilebergvegen 20
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5209440653
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Inger Ann Berge

Seksjonsleiar

70167200

inger.ann.berge@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fc780657-daaa-4ebb-a94c-55972b6c0242

Sist endret

18. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1796aae8dfe74f9eb43e02f9e59ae6f7

Lignende annonser

Laster lignende annonser