Hopp til innhold

Overlege psykiatri

Arbeidsgiver

Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Vegsundvegen 68, 6020 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Overlege psykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. november

Vi søkjer ny kollega! DPS Vegsund døgnseksjon har ledig 100 % fast stilling for overlege innan voksenpsykiatri 

Som overlege i vår seksjon blir du ein del av eit tverrfaglig behandlingsteam med 2 overlegar (spesialistar i psykiatri), 1 psykologspesialist, 1 psykolog, legar i spesialisering innan psykiatri, psykiatrisk sykepleiere, fysioterapeut mfl. 

DPS Vegsund døgnseksjon har ansvar for pasientar i Møre og Romsdal. Det er omlag 50 000 innbyggar som sokner til vårt DPS. Vi har pr i dag 17 døgnplassar, der to av plassane er brukarstyrte plassar. Pasientgruppa er vaksne over 18 år med psykiske lidingar som psykose, affektive lidingar, depresjonar mm. 
Vi tek imot både elektive innleggingar frå kommune og spesialisthelsetenesta samt overføringar frå sjukehuset. Vi følge også opp pasientar på TUD. 

Stillinga inneber ansvar for begge typer pasientar, og vil gi ei brei erfaring med ei rekke psykiatriske problemstillinger. I seksjonen har vi legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5.års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen.
Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på eit godt arbeidsmiljø og at seksjonen vår er ein hyggeleg stad å jobbe. Vi tilstreber at spesialistane samarbeider omkring pasientane, og det er lav terskel for tverrfaglege diskusjonar i vår team. Vi arbeider aktivt med miljøterapi med pasientane og tilstreber å ha eit godt samarbeid internt og eksternt. 

Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad! 


Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing og behandling
  • Individuell og tverrfagleg behandling
  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
  • Internt samarbeid og rettleiing
  • Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing
  • Pårørandesamtalar
  • Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak
  • Psykoedukasjon for pasientar og pårørande
  • Deltaking i bakvaktsordning for overlegar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Lege som er spesialist innan voksenpsykiatri
  • Lege som er i sluttfasen av si spesialisering innan psykiatri kan og vere aktuell for stilling
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå undervisning- og rettleiingsverksemd
  • Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing

Personlege eigenskapar

  • Du har god språkleg framstillingsevne
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
  • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor
  • Du må ha god fysisk og psykisk helse

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Siw K. Kringstad, Seksjonsleiar, +47 957 84 240, Siw.K.Kringstad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Vegsundvegen 68
6020 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5204833888
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Siw K. Kringstad

Seksjonsleiar

+47 957 84 240

Siw.K.Kringstad@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5140c2a0-1555-44d1-b95b-83f8ce1a4728

Sist endret

13. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

311ce44a16524d7e833dc5d4bab6459a

Lignende annonser

Laster lignende annonser