MICHELIN-Key hotell søker ny kjøkkensjef
Elva Hotell, Voss Active AS
Nedkvitnesvegen 25, 5710 Skulestadmo
Om jobben
- Stillingstittel
- Kjøkkensjef - Head Chef
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. februar
Elva Hotell treng ein dyktig, kreativ og ambisiøs Head Chef som skal leie kjøkkenet i å gje ei matoppleving utanom det vanlege. Du vil få mykje friheit til å utvikle konsept og meny så lenge det underbygger at Elva er eit Michelin-hotell og har den beste restauranten på Voss. Du er lidenskapeleg oppteken av lokale råvarer, og har eit genuint ynskje om å utvikle gode, nye smakar. Du likar å by på deg sjølv og er ikkje framand for å presentere og servera dine eigne rettar til gjestane i restauranten.
Fulltidsstilling med oppstart i mai.
«Elva restaurant» ligg rett ved vasskanten, med fantastisk utsikt og unikt design. I dag serverer vi 3-rettars og 7-rettars fine-dining av ypparste kvalitet i restauranten, og ein enklare meny i vår kafé. Vi har i høgsesong 5 kokkar på ulike skift, i lågsesong 2-3 kokkar.
Dine arbeidsoppgåver-
Kreativ meny- og konseptutvikling med fokus på lokale råvarer og sesongvariasjon
-
Ansvar for dagleg drift og strategisk utvikling av kjøkkenet
-
Bemanning og planlegging av vaktlister
-
Ansvar for lagerkontroll, budsjett, innkjøp, og vareteljing
-
Planlegging av mat knytt til arrangement og aktivitetar
-
IK mat/internkontroll
-
Kvalitetssikring av produksjon og service
-
Fokus på berekraft i alle ledd
-
Fagbrev som kokk
-
Erfaring med nordisk/skandinavisk kjøkken
-
Resultat som leiar frå tidlegare stillingar
-
Erfaring med varebestilling i Noreg
-
Du har gode engelskkunnskapar
-
Du er positiv og sjølvgåande
-
Du motiverer og inspirerer dine medarbeidarar
Me tilbyr
-
Kreativt og nyskapande arbeidsmiljø
-
Moglegheit til å sette sitt namn og ELVA på kartet
-
Sentral rolle i utviklinga av hotell- og restaurant konsept
-
Fagleg utvikling
-
Spanande samarbeid med lokale produsentar
-
Konkurransedyktig løn
Send komplett søknad med CV, kopi av diplomar, attestar, referansar, oppseiingsfrist i noverande stilling og anna info du meiner er interessant for oss. Skriv også eit søknadsbrev der du skildrar kvifor du er den rette for denne jobben og kvifor du ynskjer å busette deg på Voss. Ufullstendige søknadar blir ikkje vurdert.
Om bedriften
Vårt vetle designhotell er blitt ein stor suksess med fantastiske tilbakemeldingar, og er eitt av berre 13 hotell i Noreg som fekk utmerkinga MICHELIN Key i 2025. Voss Active tilbyr ei komplett pakke som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur. Voss er plassert midt i matfatet! Me kan sanke frå naturen omkring oss og er omslutta av gode produsentar som me vil ha eit tett og nært samarbeid med.
Hotellet er lite, med berre 14 eksklusive rom, og restauranten har avgrensa kapasitet. Vi har eit lite team på mellom 2 og 5 kokkar avhengig av sesong. Kjøkkensjef og Soussjef er fast tilsett. Vi har sidan opninga i 2023 basert oss på fine-dining med 7-rettars på laurdagar og 3-rettars alle andre dagar. Vi har også ein kafé med enklare meny og bar.
Voss Active er ei av dei største aktivitetsbedriftene i Noreg og har i 30 år arrangert opplevingar for turistar, lag og firma. Me er omlag 60 tilsette som til saman utgjer 25 årsverk. Firmaet er veldrive og ekspanderande.
Voss er dessutan eit mekka for naturopplevingar og er ein trygg og fin stad å busette seg i.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d986b2ce-27ad-4391-b5f9-c97adef40d0d
- Sist endret
18. februar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
450869274
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kvanndal Camp
Sted
Granvin
Kokk restaurant
Arbeidsgiver
Trolltunga Hotel As
Sted
Odda, Ullensvang, Vestland