Hopp til innhold

Coop Kafe Førde søkjer Kafémedarbeider i 100% stilling

Arbeidsgiver

Extra Kafe Førde

Sted

Kronborgvegen 34, 6813 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Kafeteriamedarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Coop Kafé Førde søkjer ny medarbeidar Vil du bli ein del av teamet vårt på Coop Kafé Førde? Vi ser etter ein positiv, lærevillig og serviceinnstilt medarbeidar som trivst både med sjølvstendig arbeid og samarbeid med gode kollegaer.Kaféen vår er ein populær møtestad i Førde, sentralt plassert mellom Bergen og Ålesund. Hos oss jobbar vi kvar dag for å gi kundane gode matopplevingar og god service, samtidig som vi tek vare på det gode omdømmet til ein trygg og framtidsretta arbeidsgjevar -- Coop Nordvest SA.Kven ser vi etter? Vi ønskjer oss ein påliteleg og imøtekommande person med godt humør og glimt i auga. Du trivst i møte med menneske, bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er oppteken av å yte god kundeservice.Det er ein fordel om du har interesse for mat og matopplevingar, sidan arbeidet omfattar både matproduksjon og fokus på matsikkerheit i det daglege.Stillinga inngår i turnus med arbeid på dagtid, kveld og kvar sjuande helg. Ho kan også passe godt for studentar som ønskjer eit pauseår frå studiane eller relevant arbeidserfaring ved sidan av. Arbeidsoppgåver

  • Kundeservice -- kunden kjem alltid først
  • Kassehandsaming
  • Produksjon og servering av varme og kalde rettar
  • Følgje rutinar for drift, matproduksjon, IK-mat og reinhald
  • Reinhald, rydding og anna førefallande arbeid

Oppstart kan skje omgåande før sommarferien, og seinast innan 1. august. Hos oss får du

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter tariff
  • Ein nyoppussa og moderne arbeidsplass
  • God opplæring og kompetanseheving gjennom Coop-skolen
  • Pensjonsordning med eigensparing
  • Gode forsikringsordningar
  • Rabattavtalar for tilsette
  • Moglegheiter for vidare utvikling i Coop Nordvest Vil du vere med og vidareutvikle Coop Kafé Førde saman med oss? Då håpar vi du sender inn søknaden din i dag. Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt. Søkjar må vere fylt 18 år og beherske norsk, både munnleg og skriftleg. Tidlegare arbeidserfaring er ein fordel, men vi oppmodar også førstegongssøkjarar til å søkje. Søknadsfrist 7. juni 2026

Om bedriften

Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 189 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d97ce60b-e920-4ef2-b90d-16bdf48990b0

Sist endret

29. mai 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

464470692

Lignende annonser

Laster lignende annonser