Vi søker kokk
Produksjonskjøkken Førde, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Kokk
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest lørdag 1. august
Matforsyning i Helse Førde har arbeidsstader på Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus og Indre Sogn psykiatrisenter.
Vi produserar og serverer mat til pasientane frå pasientkafear, kantiner og besøkskafear. Førde har produksjonskjøkken og leverer mat til dei andre sjukehusa og institusjonane i Helse Førde. Matforsyning har moderne kjøkken og trivelege arbeidsplassar på alle lokasjonane.
Plassering stilling: Matforsyning Førde sentralsjukehus
Arbeidsoppgåver
- Tilsett i Matforsyning skal delta i alle planlagte og rutinemessige arbeidsoppgåver innanfor seksjon kjøkken sitt totale drifts - og fagområde
Det er mottakskjøkken i sengepostane, kantine, kafe og produksjonskjøkken/varemottak. - Tilsett må kunne tilegne seg nødvendig IT-verktøy/programvarer
- Tilsett vil ha medansvar på det arbeidsområde vedkommande arbeider i lag med næraste leiar
- Arbeid i turnus - arbeid kvar 3. helg om ikkje anna vert avtalt.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev frå institusjon eller hotell
- Erfaring frå institusjon, kafe, hotell/restaurant og kundebehandling
- It-kompetanse, men opplæring vil bli gitt
- Søkjar må beherske norsk godt, både skriftlig og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Må like å arbeide både aleine og i større gruppe
- Kunne skape tillit og hygge kring seg på arbeidsplassen.
- I ein travel arbeidskvardag, vil god fysikk være til god hjelp
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Regelmessige personalmøte der m.a. arbeidsmiljø er eit viktig moment
- Årsturnus
- Sosiale hendingar - store og små
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Frode Andre Devig, Ass. kjøkkensjef, 95141672, frode.andre.devig@helse-forde.noElin Haugen, Seksjonsleiar, +47 578 39 682
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5145246977
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.08.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Elin Haugen
Seksjonsleiar
+47 578 39 682
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f57afa04-9872-4dbb-b33a-8cddf92f7fc4
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cba9a235067945e5a92f2a2db8efb5d0