Hopp til innhold

Sjukepleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver

Avdeling for rus og avhengigheit

Sted

Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 11. juni

Vil du vere med og vidareutvikle LAR-poliklinikken på Karmøy?

LAR-poliklinikk Karmøy er ei ny eining i Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) i Helse Fonna. Her får du vere med frå ein tidleg fase og bidra til å byggje ei god, trygg og framtidsretta teneste innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

Poliklinikken gir behandling til personar med ruslidingar. Målet vårt er å tilby eit heilskapleg behandlingstilbod i tråd med nasjonale retningslinjer. Arbeidsoppgåvene omfattar både rehabilitering, oppfølging og utdeling av LAR-medikasjon.

Du blir del av eit tverrfagleg team som arbeider tett saman for å gi pasientane betre grunnlag for meistring, stabilitet og vidare utvikling i livet. Hos oss får du bruke faget ditt i møte med menneske som treng tryggleik, struktur og god oppfølging over tid.

Poliklinikken ligg i Kopervik. Vi arbeider berre på dagtid, og for tida kvar tredje laurdag.

👉 Vi er ein engasjert gjeng som står klar til å ta imot deg. Søk gjerne snarleg – vi vil gjerne høyre frå deg!


Kva går jobben ut på?

  • Behandlingsansvar for pasientar som har rett til behandling i TSB og er i LAR-behandling.
  • Legemiddelhandtering og utdeling av LAR-medikament, samt ulike prøvetakingar.
  • Motiverande samtalar og eit tydeleg meistringsfokus 
  • Greie ut og søkje pasientar inn til relevant institusjonsbehandling.
  • Eksternt og internt samarbeid for ei heilskapleg tilnærming til psykiske, somatiske og sosiale forhold. 
  • Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane. 
  • Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer og interne/eksterne samarbeidspartnarar. 
  • Halde deg fagleg oppdatert, mellom anna på nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar
  • Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering 

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:
  • Bachelor i sjukepleie eller vernepleie.
  • Førarkort for bil - klasse B.  
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Det er ein fordel om du har:
  • Vidareutdanning innan rus, psykisk helsearbeid eller anna relevant fagområde
  • MI kurs, kognitiv terapi eller anna relevant behandlingserfaring.
  • Gode IKT kunnskaper.
  • Erfaring med individuell behandling av ruslidingar og/eller psykiske lidingar frå poliklinikk, DPS, sjukehus eller kommunal psykisk helseteneste.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du: 

  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • er ein trygg og lojal kollega
  • viser engasjement og interesse for pasientgruppa 
  • jobbar godt både i team og sjølvstendig
  • har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
  • arbeider strukturert
  • handterer stress og handlar raskt når utfordrande situasjonar oppstår
  • er audmjuk i arbeidet ditt 

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Eit stabilt og triveleg arbeidsmiljø 
  • Rettleiing og opplæring 
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift (IA-bedrift) 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Monika Beate Knutsen Dybdahl, Funksjonsleiar, +47 47888141

Arbeidsstad

Asaldalvegen 1
4250 Kopervik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5121624914
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Monika Beate Knutsen Dybdahl

Funksjonsleiar

+47 47888141

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d9710aa1-0208-4b87-88d7-87d05bffa8b0

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4f9f5ee43596436d88117e3906b2a6a0

Lignende annonser

Laster lignende annonser