Hopp til innhold

Konsulent for menneske med nedsett funksjonsevne

Arbeidsgiver

Førebygging og meistring

Sted

Fjellgata 42, 6003 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent for menneske med nedsett funksjonsevne
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Det er ledig ei 80 % fast stilling som konsulent for menneske med nedsett funksjonsevne, per tida organisert i verksemda førebygging og meistring. Støttekontakttenesta har ansvar for oppfølging av om lag 300 støttekontaktar og brukarar over 18 år.  

Med utgangspunkt i eit ønskje om å levere gode førebyggande tenester har Ålesund kommune samla mange av dei førebyggande tenestene i verksemd Førebygging og meistring. Verksemda rommar eit mangfald av tenester: dagtilbod for personar med demenssjukdom, hukommelsesteam, støttekontaktteneste, seniorsenter, ergo- og fysioterapiteneste, og teknisk hjelpemiddelservice. Verksemda har dermed eit godt fundament for god samhandling mellom ulike tenester med felles målsetting om å sørge for ein aktiv kvardag med stor grad av meistring for kvar enkelt. 


Arbeidsoppgåver

  • Rekruttering av nye støttekontaktar og gruppeleiarar
  • Introduksjon av støttekontakt for brukar
  • Koordinering, rettleiing og anna oppfølging av både støttekontaktar og brukarar av tenesta
  • Drift av aktivitetsgrupper saman med gruppeleiarar
  • Administrativt arbeid knytt til oppdragsavtalar og utbetaling av godtgjersle
  • Andre oppgåver kan bli aktuelle i tillegg

Kvalifikasjonar

  • Bachelor innan helse eller sosialfag
  • Gode datakunnskap
  • Det er krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
  • Krav om førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • God evne til kommunikasjon og rettleiing
  • Gode samarbeidsevne
  • Fleksibel og serviceinnstilt med godt humør
  • Kunne arbeide systematisk, nøyaktig og sjølvstendig
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Ei kommune med verdiane open, engasjert og modig i fokus
  • Godt arbeidsmiljø
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Kjekke kolleger og samarbeidspartar
  • Løn etter tariff og god pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Solveig Kiperberg Viddal, Avdelingsleiar, 908 25 952
Camilla Almås, Verksemdsleiar, 994 93 553

Arbeidsstad

Fjellgata 42
6003 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5043442784
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2025

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d93720c7-80dc-49c4-acde-e0409ad3b071

Sist endret

11. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

8b47550ad44e466089a6683edf5c41e1

Lignende annonser

Laster lignende annonser