Hopp til innhold

Psykisk helsearbeidar

Arbeidsgiver

Psykisk helse, Gloppen kommune

Sted

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Psykisk helsearbeidar
Oppstart
1. februar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vi har ledig vikariat i 100 % stilling som psykisk helsearbeidar frå snarast

Psykisk helseteneste yter tenester til menneske i alle aldrar som av ulike årsaker har utfordringar knytt til den psykiske helsa. Det kan mellom anna vere akutte kriser, langvarig sjukdom, vanskelege livvsituasjonar eller andre tilhøve som gjer at ein treng psykisk helsehjelp. Tenesta tilbyr m.a individuell oppfølging, dagaktvitetstilbod, samarbeid med andre instansar og oppfølging av pårørande. Tenesta yter hjelp ut i frå kvar enkelt pasient sine behov, ressursar og mål. Arbeidet skal fremje god livskvalitet, sjølvstende og meistring av eige liv.

Psykisk helseteneste er samlokalisert og samorganisert med barnevernstenesta, PPT, fysio- og ergoterapitenesta og helsestasjons- og skulehelsetenesta i Familiehuset.

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene består primært av oppfølging av barn og unge, mellom anna med samtalar og samarbeid med pårørande og andre tenester. Det vil likevel vere behov for fleksibilitet og arbeid med vaksne må påreknast. Det er i tillegg forventa at ein utfører andre arbeidsoppgåver som er relevante i drift av tenesta. 

I arbeidet må ein mellom anna gjere kartleggingar, utforme mål basert på faglege vurderingar, drive psykoedukasjon og arbeide aktivt med modellar og verktøy som kan hjelpe den enkelte pasient å nå målet ein har utforma.

Eventuelle endringar i drift av tenestetilbodet kan forekome og stillinga vil i så tilfelle tilpassast dette.

Arbeidstid: Dagarbeid

Kvalifikasjonar

Vi ynskjer at du

  • har minimum 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning eller anna relevant utdanning, gjerne med relevant vidareutdanning. 
  •  har kompetanse på relevante metodar  (eks Cool Kids)
  • har kompetanse om psykisk helse og kan utvikle tiltak med grunnlag i faglege vurderingar
  • evnar å jobbe sjølvstendig
  • kan samarbeide i team
  • har kompetanse på samtalar med barn
  • er positiv til å handtere nye utfordringar
  • har kompetanse på relasjonsbygging
  • har høg arbeidskapasitet og tåler ein arbeidskvardag med høgt tempo og uforutsigbarhet
  • evnar å stå i utfordringar over tid
  • er løysingsorientert
  • er fleksibel og tåler raske omstillingar
  • har god skriftleg og muntleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Synnøve Grov, Avdelingsleiar psykisk helse, +47 977 06 875

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5040247294
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2026
Sluttdato: 31.01.2027
Søknadsfrist: 14.12.2025

Om bedriften

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d8bb4b02-9568-4678-893e-606db5b9412a

Sist endret

15. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

6bb6aab8cbb0478c973b6d2559802af7

Lignende annonser

Laster lignende annonser