Hopp til innhold

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar - sjå her!

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Oppstart
4. august 2026
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest fredag 15. mai

Er du helsefagarbeidar/hjelpepleiar som likar varierte arbeidsdagar med spenning og fagleg innhald? Då kan du bli vår nye kollega!Stilling:

1 x 100% vikariat fra 04.08.26 - 03.08.27

  • Stillingane går i 2-delt turnus.
  • Om avdelinga

    Medisinsk sengepost er ein heildøgn sengepost med 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon.
    Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgre omsorgsnivå.
    På avdelinga har vi fokus på fag og har jamleg simuleringstrening og undervisning.

    Om Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet
    Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu, med gode barnehage- og skuletilbod samt eit rikt fritids- og kulturtilbod. Det er også kort veg til flyplass.


    Arbeidsoppgåver

    • Mottak, observasjon og oppfølging av pasientar
    • Utføre pasientretta prosedyrer
    • Arbeidsoppgaver som omhandlar skyllerom og matsevering til pasientar
    • Opplæring og rettleiing av studentar og lærlingar
    • Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS Arena og Meona
    • 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg, muligheit for avtale om ekstra helg i turnus

    Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
    • Erfaring fra sjukehus/sjukeheim med pleie av pasientar er eit pluss, men opplæring vil blir gitt
    • Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
    • Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel
    • Fordel med vidarutdanning

    Personlege eigenskapar

    • Pasientorientert og ansvarsbevisst
    • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
    • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
    • Har ønskje om fagleg utvikling, og tek initiativ til eiga opplæring og utvikling
    • Fleksibel og engasjert 
    • Evne til systematisk arbeid
    • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø

    Vi tilbyr

    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
    • Varierte og spennande oppgåver
    • Fagleg og personleg utvikling
    • Høgt fagleg nivå
    • Triveleg arbeidsmiljø

     

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, +47 416 48 264

    Arbeidsstad

    Sjukehusvegen 14
    6770 Nordfjordeid

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Førde

    Referansenr.: 5122092042
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Startdato: 04.08.2026
    Sluttdato: 03.08.2027
    Søknadsfrist: 15.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Maria Charlotta Berg Langvik

    Seksjonsleiar

    +47 416 48 264

    Om bedriften

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    097f9d60-bb91-4510-b5a9-4c1ef35d92a4

    Sist endret

    30. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    8a4da2da04fe4244ba1e7e09a6b8c8f8

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser