Vert til Limagarden
Jærmuseet
Limavegen 51, 4330 Ålgård
Om jobben
- Stillingstittel
- Vert til Limagarden
- Type ansettelse
- Sesong, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Har du lyst på ein kjekk og meiningsfull sommarjobb?
På Limagarden er me på jakt etter eit blidt og engasjert vertskap som vil vera med å skapa gode opplevingar for små og store. Her får du vera ein viktig del av eit levande gardstun – midt i historia!
Som vertskap blir du med på å:- Fortelja dei spennande historiene om Limagarden
- Ta imot og snakka med besøkande
- Skapa liv og røre på aktivitetsdagar
- Delta i kjekke aktivitetar saman med gjestene
- Bidra til at garden ser ryddig og innbydande ut
Arbeidstid:
Sundagar (ca. 5 timar) frå mai til september.
I juli er det ope fredag–sundag – og då skjer det noko kvar dag!
Kven passar dette for?
Vidaregåande elevar, studentar – eller andre som likar folk, historie og formidling. Perfekt for deg som vil ha ein lærerik og litt annleis sommarjobb.
Limagarden – der historia lever vidare
På Limagarden kan du oppleva eit ekte gardstun slik det var før i tida. Mellom gamle bygningar med utsyn over Limavatnet får du innblikk i korleis familiane på garden levde, arbeidde og brukte naturen rundt seg – frå ullarbeid i daglegstova til sauehald, fiske og smiing.
I heimehuset finn du miljøutstillingar frå midten av 1900-talet og ei unik samling gjenstandar som viser arbeidslivet på garden gjennom generasjonar. Tunet er ope for leik og aktivitetar, og området rundt eignar seg perfekt for ein tur i det vakre kulturlandskapet i Limaheia.
Limagarden er ein roleg, lærerik og stemningsfull stad som passar for både store og små – eit lite stykke levande lokalhistorie i hjartet av Gjesdal.
Kva bør søknaden din innehalda?
For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår vi deg til å inkludere dette i søknaden:
- Kvifor du meinar at du passar godt inn i rolla som vert
- Kva som motiverer deg til å søkje på denne stillinga, og kvifor du ønskjer å jobbe akkurat hos oss
- Om du har relevant erfaring frå andre jobbar eller frivillige verv
- Skriv gjerne litt om deg sjølv og kva hobbyar eller fritidsinteresser du har
- Anna du meiner er relevant for stillinga eller vurderinga av søknaden din
Du passar godt i rolla dersom du:
- Har interesse for historie og likar å formidla
- Trivst med ansvar og kan jobba sjølvstendig
- Er utadvendt, imøtekomande og glad i å møta folk
- Liker å vera vertskap
- Ikkje har noko imot lett reinhald
- Kan setja deg inn i historia til garden og formidla både på norsk og engelsk
- Fyller minst 16 år i løpet av 2026
Dette tilbyr me:
- God opplæring - du skal føla deg trygg i rolla
- Arbeidstid etter oppsett arbeidsplan for vertar
- Løn etter tariffavtale
- Gratis inngang på alle Jærmuseet sine anlegg
Rekrutteringsprossen vår
Me ønskjer ein ryddig og rettferdig prosess der alle kandidatar får god og likeverdig behandling. Som jobbsøkjar hjå oss kan du forventa følgjande:
- Me les og vurderer alle søknadar løpande
- Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju
- Referansesjekk blir gjort etter intervju, men før endeleg innstilling
- Alle søkjarar får tilbakemelding
- Me legg vekt på at den me tilset skal vera personleg eigna for stillinga
- Den som blir tilsett må levera godkjent politiattest før oppstart
Mangfald og tilrettelegging
Me trur at ulike perspektiv gjer oss sterkare, og me ønskjer ein arbeidsplass der mangfald er ein naturleg del av kvardagen. Difor oppfordrar me alle kvalifiserte kandidatar - uavhengig av bakgrunn - til å søkja.
Alle søkjarar blir vurderte ut frå kompetanse og erfaring, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Har du spørsmål eller behov for tilrettelegging?Me vil at du skal få vist deg frå di beste side. Dersom du har spørsmål om prosessen eller treng tilrettelegging, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss. Me finn gode løysingar saman.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Klepp, Time, Hå, Gjesdal, Sola, Randaberg og Sandnes - og vitensenter for heile Sørvestlandet.
Gjennom trygg forvaltning av samlingane, sørgjer me for at kunnskapen frå Jæren blir bevart og gjort tilgjengeleg.
Me dokumenterer og formidlar den nyare historia til regionen, samtidig som me skapar nysgjerrigheit og læringsglede innan naturvitskap og teknologi.
Med 12 publikumsopne museum og eit omreisande vitensenter byr me på alt frå interaktive utstillingar og forrykande show til levande gardstun, unik flysamling og eit historisk fyr.
Kvart år tek omtrent 200.000 besøkande del i opplevingar som gjer kunnskap levande - for både store og små.
Jærmuseet er prisvinnande både nasjonalt og internasjonalt, og me er stolte av å vere ein kreativ møteplass der kulturarv, realfag og teknologi går hand i hand.
Hjå oss blir du del av eit engasjert fagmiljø med rundt 79 årsverk - og får vera med å forma framtida for læring og oppleving!
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d8ab942f-a52f-4ed7-8207-8c852879a370
- Sist endret
23. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10283736
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Jærmuseet
Sted
Nærbø
Vertar til Flyhistorisk Museum Sola
Arbeidsgiver
Jærmuseet
Sted
Sola
Vertar til Garborg-musea
Arbeidsgiver
Jærmuseet
Sted
Bryne