Hopp til innhold

Vert til Grødalandstunet

Arbeidsgiver

Jærmuseet

Sted

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Om jobben

Stillingstittel
Vert til Grødalandstunet
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Har du lyst på ein kjekk og meiningsfull sommarjobb?

På Grødalandstunet er me på jakt etter eit blidt og engasjert vertskap som vil vera med å skapa gode opplevingar for små og store. Her får du vera ein viktig del av eit levande gardstun – midt i historia!

Som vertskap blir du med på å:
  • Fortelja dei spennande historiene om Grødalandstunet
  • Ta imot og snakka med besøkande
  • Skapa liv og røre på aktivitetsdagar
  • Bidra til at garden ser ryddig og innbydande ut

Arbeidstid:
I juli held me ope tysdag–sundag, med om lag fem timar arbeid kvar dag.
I juni og august er det ope på sundagar i skulesommarferien, i tillegg til nokre utvalde aktivitetsdagar gjennom sesongen mai–september.

Kven passar dette for?
Vidaregåande elevar, studentar – eller andre som likar folk, historie og formidling. Perfekt for deg som vil ha ein lærerik og litt annleis sommarjobb.


Grødalandstunet – der tida står stille

På Grødalandstunet kan du rusla inn i ekte jærsk historie: to gamle godt bevarte sjøgardar som framleis står der dei alltid har stått, med stovevarme, knirkande golv og flott utsyn mot havet i vest. 

Her kjenner du roen senkar seg når du stig inn i stovene der folk budde og levde frå 1700‑ til tidleg 1900‑talet. 

På aktivitetsdagane kjem tunet verkeleg til liv – då kan du prøva gamle gjeremål, læra nye ferdigheiter og vera med på leik slik dei gjorde før pc og mobil fanst. 

Om du treng ein pust i bakken, ventar sjøutsikt, rullesteinar og Kongevegens stiar rett utanfor. 

Grødalandstunet er som ein liten tidsmaskin – og du er velkomen inn!


Kva bør søknaden din innehalda?

For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår vi deg til å inkludere dette i søknaden:

  • Kvifor du meinar at du passar godt inn i rolla som vert
  • Kva som motiverer deg til å søkje på denne stillinga, og kvifor du ønskjer å jobbe akkurat hos oss
  • Om du har relevant erfaring frå andre jobbar eller frivillige verv
  • Skriv gjerne litt om deg sjølv og kva hobbyar eller fritidsinteresser du har
  • Anna du meiner er relevant for stillinga eller vurderinga av søknaden din

Du passar godt i rolla dersom du:

  • Har interesse for historie og likar å formidla
  • Trivst med ansvar og kan jobba sjølvstendig
  • Er utadvendt, imøtekomande og glad i å møta folk
  • Liker å vera vertskap
  • Ikkje har noko imot lett reinhald
  • Kan setja deg inn i historia til garden og formidla både på norsk og engelsk
  • Fyller minst 16 år i løpet av 2026

Dette tilbyr me:

  • God opplæring - du skal føla deg trygg i rolla
  • Arbeidstid etter oppsett arbeidsplan for vertar
  • Løn etter tariffavtale
  • Gratis inngang på alle Jærmuseet sine anlegg

Rekrutteringsprossen vår

Me ønskjer ein ryddig og rettferdig prosess der alle kandidatar får god og likeverdig behandling. Som jobbsøkjar hjå oss kan du forventa følgjande:

  • Me les og vurderer alle søknadar løpande
  • Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju
  • Referansesjekk blir gjort etter intervju, men før endeleg innstilling
  • Alle søkjarar får tilbakemelding
Til slutt:
  • Me legg vekt på at den me tilset skal vera personleg eigna for stillinga
  • Den som blir tilsett må levera godkjent politiattest før oppstart

Mangfald og tilrettelegging

Me trur at ulike perspektiv gjer oss sterkare, og me ønskjer ein arbeidsplass der mangfald er ein naturleg del av kvardagen. Difor oppfordrar me alle kvalifiserte kandidatar - uavhengig av bakgrunn - til å søkja.

Alle søkjarar blir vurderte ut frå kompetanse og erfaring, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Har du spørsmål eller behov for tilrettelegging?

Me vil at du skal få vist deg frå di beste side. Dersom du har spørsmål om prosessen eller treng tilrettelegging, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss. Me finn gode løysingar saman.


Kontaktperson for stillingen

Hans-Arvid Grødeland

Driftskoordinator

+4791 87 18 23

hag@jaermuseet.no

Om bedriften

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Klepp, Time, Hå, Gjesdal, Sola, Randaberg og Sandnes - og vitensenter for heile Sørvestlandet.

Gjennom trygg forvaltning av samlingane, sørgjer me for at kunnskapen frå Jæren blir bevart og gjort tilgjengeleg.

Me dokumenterer og formidlar den nyare historia til regionen, samtidig som me skapar nysgjerrigheit og læringsglede innan naturvitskap og teknologi.

Med 12 publikumsopne museum og eit omreisande vitensenter byr me på alt frå interaktive utstillingar og forrykande show til levande gardstun, unik flysamling og eit historisk fyr. 

Kvart år tek omtrent 200.000 besøkande del i opplevingar som gjer kunnskap levande - for både store og små. 

Jærmuseet er prisvinnande både nasjonalt og internasjonalt, og me er stolte av å vere ein kreativ møteplass der kulturarv, realfag og teknologi går hand i hand. 

Hjå oss blir du del av eit engasjert fagmiljø med rundt 79 årsverk - og får vera med å forma framtida for læring og oppleving!

 

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1ab4f864-060d-482b-9c3f-cd1e0b6c78cc

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10283733

Lignende annonser