Hopp til innhold

Faglærar – Teknologi- og industrifag 

Arbeidsgiver

OPK-FL - Flora vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Professor Gjelsvikveg 22, 6906 Florø

Om jobben

Stillingstittel
Faglærar – Teknologi- og industrifag 
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 8. juni

Vi søkjer faglærar i teknologi- og industrifag frå skulestart 2026-2027. Tidspunkt kan avtalast nærare. 
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har seks utdanningsprogram innan både studieførebuande- og
yrkesfag. Vi er omlag 80 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og
vaksne. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no. Søknadsfrist 08.06.2026

 


Arbeidsoppgåver

Arbeidet omfattar planlegging og gjennomføring av undervisning og oppfølging av elevar på både Vg1 og Vg2 Industri og teknologifag, både i klasserom og på verkstad. Undervisning i yrkesfagleg fordjuping (YFF) vil òg vere ein del av stillinga. Du får ansvar for oppfølging og vurdering av elevar, og vil vere ein del av eit fagmiljø som legg vekt på samarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid og tett kontakt med lokalt næringsliv og opplæringskontor for å gi elevane ei relevant opplæring og ein trygg overgang til lære og arbeidsliv. Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
100 % fast stilling med undervisning i programområde
Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg med fagbrev innan mekaniske eller relevante fag og minst fire års yrkeserfaring etter fagbrev. Teknisk fagskule, høgare utdanning eller yrkesfaglærarutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Har du ikkje formell tilsettings- og undervisningskompetanse, kan du tilsetjast på vilkår om å fullføre slik utdanning innan ein nærare gjeve frist. Politiattest må leggjast fram.
Det er ynskjeleg med:
- Undervisningserfaring.
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

Som lærar må du trivast med å arbeide med ungdom og vere ein tydeleg og inkluderande rollemodell. Vi ønskjer deg som er oppteken av å skape eit godt læringsmiljø, og som kan kombinere fagleg tyngde med evne til samarbeid, refleksjon og utvikling.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i vurderinga av søkjarar. Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i samarbeid, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven

Vi tilbyr

Vi tilbyr eit spennande fagmiljø med framtidige fagarbeidarar og gode kollegaer, samt tilrettelegging for vidareutdanning.
Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

For meir informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar og handverk- og industrifag Ole Hennøy tlf 91 87 27 26. 

Søknadsfrist 08.06.2026

Kontaktinformasjon

Knut Christian Clausen, rektor                        , 41530684

Arbeidsstad

Professor Gjelsvikveg 22
6906 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5135414488
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Knut Christian Clausen

rektor

41530684

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d89d65cd-f578-4fea-8abf-b3bb48ff056f

Sist endret

25. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

af261db833dc48e2afd7b6770df5681c

Lignende annonser

Laster lignende annonser