Kommuneveterinær
Samfunn, kultur og miljø, Kinn kommune
Strandgata 30, 6905 Florø
Om jobben
- Oppstart
- 1. desember 2026
- Stillingstittel
- Kommuneveterinær
- Type ansettelse
- Fast, deltid 75%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. august
Kinn kommune søker ein engasjert veterinær til ei variert stilling med forvalting innan landbruk på dagtid og deltaking i klinisk veterinærvakt i kvelds- og helgevaktordning. Stillinga kan tilpassast etter kompetanse og ynskjer,
Kinn kommune ynskjer å styrke veterinærdekninga i vaktdistriktet. Det er difor beslutta å ansette ein veterinær. Stillinga vil bli på dagtid i veka som ansatt i kommunen. Ein må og inngå i vaktordning med turnus 1 dag i veka og kvar 4 helg. Denne delen er finansiert av statlege midlar og det er eit krav for å bli ansett i kommuneveterinær stillinga at ein skal gå i vaktordninga. Kinn kommune har ansvaret for klinisk veterinærvakt i Kinn vaktdistrikt som omfattar Søre Kinn, Søre Bremanger og Naustdal (Sunnfjord kommune). Ein må difor påberekne ein del køyring i vaktordninga.
Kommunen sitt oppdrag innan landbruksforvaltninga er å ta vare på landbruket, miljøet og naturgrunnlaget, og vi skal levere gode tenester og vere ein god samfunnsutviklar. For å gjere dette treng vi dyktige og motivert medarbeidarar. I kommunen har vi om lag 150 søkarar av produksjonstilskot og dei viktigaste landbruksproduksjonane er mjølk, kjøt og grovfor. Hjorteforvaltning er viktig i Kinn og det vert felt over 1000 dyr kvart år i kommunen.
Kinn kommune er ein av dei mest mangfaldige kommunane i landet og her finn ein det meste av urbane tenester, trivelege bygder og ein natur som spenner frå storhavets bølgjer til mektige brear i det indre. Moglegheitene for friluftslivet er utømelege. Kommunen er med over 17 000 innbyggarar ein av dei største i Vestland fylke, og byane Florø og Måløy er administrasjonssenter.
Stillinga er med kontorplass Florø og ligg til landbruk under avdelinga arealforvaltning og byggesak. Avdelinga har 22 tilsette og eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av næringssaker innan tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar i landbruket
- Rettleiing innan saksfelta dyrehald, vilt- og utmarksforvaltning
- Oppfølging av veterinærvaktordninga
- Bidra til å rekruttere veterinærstudentar og være med i mentorordninga
- Vaktordninga gjeld både kjæledyr og produksjonsdyr
- Deltakelse i kommunal beredskapsvakt på kveld/helg, der målet er 4 veterinærar i ordninga i fast turnus 1 dag i veka og kvar 4. helg
- Helse- og dyrevelferdsoppgaver
- Eventuelle andre oppgåver
Kvalifikasjonar
For stillinga:
- Autorisasjon: Det vert krevd at søkar har autorisasjon som veterinær
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode samarbeidsevner
- Nyutdanna oppfordras til å søke
Tillegg for Klinisk veterinærvakt:
- Dersom leverandøren er eit enkeltpersonføretak, skal innehavaren av føretaket vere autorisert veterinær
- Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak
- EIn må påberekne og halde eige utstyr og eigna lokale i vaktordninga
- Leverandøren skal ha ordna forhold for innbetaling av skatt, arbeidsgjevaravgift og meirverdiavgift
- Bestått Inseminasjonskurs
- Evne til å jobbe sjølvstendig på vakt
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar vil bli tillagt stor vekt
- Initiativrik, sjølvstendig, ryddig, serviceinnstilt og målretta
- Integritet.
- Endringsvilleg og pragmatisk
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
- Løn etter avtale
- Telefonordning
- Gode pensjonsvilkår
- Stillingsandel knytt til forvalting kan tilpassast etter ynskje. Vi kan tilpasse stillinga mellom 70–100 % etter avtale.
- Konkurransedyktig lønn + godtgjørelse for vakt
- Mulighet for å påvirke arbeidstid
- Faglig utvikling og støtte til kurs
- Tverrfaglig samarbeid og gode kollegaer
- Hjelp til å skaffe bolig
Kontaktinformasjon
Leni Marie Lisæter, Plansjef i Kinn, +47 99029461Arbeidsstad
Strandgata 306905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5100309151
Stillingsprosent: 75%
Anna
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 30.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Leni Marie Lisæter
Plansjef i Kinn
+47 99029461
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
798dd5dd-72a4-4b8d-b422-ef0f7b3f2d52
- Sist endret
30. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
be9d73b8c4ae4f53b87455ce0b288eb9