Ungdomsarbeidar
Kinn kommune
Torggata 1, 6905 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Ungdomsarbeidar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 17%
- Arbeidstid
- Kveld
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. desember
Har du sansen for hormonar, musikk, diskusjonar, god mat og latter?
Er du god på gitar, gaming, trommer, dans, foto, mat?
Er du stabil, spennande, humoristisk, open, lyttande, energisk og litt crazy?
Då har vi kanskje jobben for deg!
Vi søker etter inntil 2 vikarar i 17-20% stilling frå 1.januar 2027, med moglegheit for fast stilling.
Arbeidstid vil vere ettermiddag/kveld i turnus, 1-3 x/veka.
Ungdomshuset Haffen er ein open møteplass for ungdom frå 13 år og oppover i Florø. Haffen ligg sentralt plassert i Florø, og vi jobbar for å ivareta ungdommanes interesser og å skape eit inkluderande miljø. For tida har vi ca. 80 faste brukarar. I tillegg til Ungdomsleiar, er det 3 ungdomsarbeidarar tilsett på deltid. Vi søker ein kjekk kollega som likar utfordringar i eit fargerikt miljø!
Arbeidsoppgåver
Rettleiing og oppfølging av ungdommar. Ansvar for drift i opningstida og økonomisk oppgjer av kafeen. Er med på planlegging og gjennomføring av aktivitetar saman med kollegaer og ungdommar som bidrar til at Haffen framstår som eit spennande og inkluderande ungdomshus. Vere ein raus, tydeleg og imøtekommande vaksen i relasjon til ungdommane.Kvalifikasjonar
Kjennskap til og interesse for ungdomskultur, trendar og tendensar i ungdomskultur.· Det er ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfaget.
· Det tel positivt med erfaring innan kreative fag, for eksempel foto, film, skriveverkstad, musikk, matlaging m.m.
· Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Personlege eigenskapar
Du må trivast saman med ungdom og vere sosial, raus og imøtekommande.· Du tør å by på deg sjølv i møte med ungdommen, du er fleksibel og evner å ta ting på sparket.
· Kommuniserer og samhandlar godt med ungdom og er ein god rollemodell.
· Du er inkluderande, allsidig og kreativ.
Vi tilbyr
Bli ein del av eit kjekt og inkluderande kollegia med moglegheit for å påverke eigne arbeidsoppgåver.
Lønn etter tariff
Kompetanselønn
Pensjons- og forsikringsavtale
Kontaktinformasjon
Carina Takle-Hillersoy, Ungdomsleiar, 97617293Arbeidsstad
Torggata 16905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5204842823
Stillingsprosent: 17%
Vikar
Søknadsfrist: 13.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Carina Takle-Hillersoy
Ungdomsleiar
97617293
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
374ca11b-ba42-4c5e-9fef-47a9c9c8e28f
- Sist endret
26. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
debee1b603d94ed987d7a1e8db5fcea7