Universitetslektor II i russisk
Universitetet i Bergen
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Universitetslektor II i russisk
- Type ansettelse
- Åremål, deltid 20%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 13. januar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor II i russisk
Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv) som universitetslektor II i russisk ved Institutt for framandspråk. Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing. Ønska startsdato for stillinga er 1. mars 2026, eller så snart som mogleg etter dette.
Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling i minst femti prosent stilling utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden.
Institutt for framandspråk
Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, elleve administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i kortvarige engasjement.
Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og i spansk språk og latinamerikastudium.
Russiskfaget har for tida tre faste stillingar med ansvar for undervisning og forsking innanfor ulike faglege disiplinar (språk, litteratur, kultur og samfunn). Forskinga og undervisinga har òg eit innslag av eit vidare austslaviskperspektiv, som m.a. inkluderer Ukrainas språk, samfunn og kultur. Faget gjev undervisning på bachelor- og masternivå.
Arbeidsoppgåver
Undervisninga omfattar førelesingar og seminar, hovudsakeleg i grammatikk og praktisk skriftleg og munnleg russisk på innføringskurset RUS100 og bachelornivå. Dersom den som blir tilsett er kvalifisert til det, kan det òg bli aktuelt å undervisa i kultur- og litteraturemne. Arbeidsmengda i stillinga vil variere noko frå semester til semester. Arbeidsoppgåvene vil inkludere:
- Førebuing og gjennomføring av undervisning.
- Retting av obligatoriske oppgåver.
- Eksamensarbeid.
- Eventuelle rettleiingsoppgåver.
- Administrativ oppfølging og koordinering.
Undervisningsspråk på faget er russisk og norsk. Administrasjonsspråket ved instituttet er norsk.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Søkjaren må ha:
- Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad i russisk.
- Svært høgt språkleg nivå, munnleg og skriftleg, i russisk.
- Høgt språkleg nivå, munnleg og skriftleg, i norsk tilsvarande B2-nivå, eller eit anna skandinavisk språk.
Det er ein føremon, men ikkje eit krav med:
- Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande.
- Erfaring frå undervisning, særleg på universitets- og høgskulenivå.
- Erfaring med å utvikla læremiddel og relevant erfaring med undervisning og rettleiing i russisk på universitets- og høgskulenivå vil verta vektlagt i vurderinga.
- Doktorgrad i eit relevant fag.
Det blir lagt særleg vekt på evna til å kombinere sjølvstendig arbeid med godt samarbeid, og til å engasjere studentar i læringsprosessen. Personlege eigenskapar blir vektlagde i vurderinga.
Tilsetjing i stillinga krev normalt at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer. Krav om nærvær på campus kan variera gjennom tilsetjingsperioden. UiB dekkjer som hovudregel ikkje reise- eller bukostnader for den som vert tilsett.
Hos oss får du:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen - nær både byliv og natur.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Brutto årsløn på kr 625 500 - 665 500 i full stilling (kode 1009). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
Slik søkjer du stillinga
Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenkja "SØK STILLINGA" på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga.
- Under «CV», oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar (publikasjonsliste) kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg.
- Språkferdigheiter.
- Minst tre referansepersonar. Personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar vil vere særleg relevante.
- Under «Vedlegg» lastast følgjande opp som separate dokument:
- Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk erfaring).
- Vitnemål som dokumenterer fullførte grader (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar.
- Eventuelle evalueringsrapportar eller annan tilbakemelding på eiga undervisning.
- Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar og inntil fem vitskaplege arbeid.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Martin Paulsen på telefon 55 58 23 86 eller e-post martin.paulsen@uib.no, eller til fagkoordinator Brita Lotsberg Bryn på telefon 55 58 29 91 eller e-post brita.bryn@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d8924d91-39ad-4235-b33c-618d941bc511
- Sist endret
23. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274765
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen