Instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Universitetet i Bergen
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
- Type ansettelse
- Åremål, deltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 20. januar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAInstituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Vil du leie eit institutt som formar framtida for humaniora?Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen søkjer instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) med tilsetjing frå 01.11.2026. Instituttleiarstillingar er åremålsstillingar med tilsetjingsperiode på fire år, med høve til å søkje om inntil ein ny åremålsperiode.
Kvifor søkje?Som instituttleiar får du ein unik moglegheit til å leie, utvikle og påverke.
Stillinga er både utfordrande, mangesidig og ansvarsfull. Du vil arbeide i eit spennande og mangfaldig miljø med dyktige og inspirerande kollegaer, der du skal vera med på å forme eit institutt slik at både tilsette og studentar får gode vilkår for læring, utvikling og trivsel. Som leiar for den faglege og administrative staben har instituttleiaren moglegheit til å påverke og forme instituttet som arbeidsplass, studiestad, fageining og samfunnsaktør. Som instituttleiar får du eit særleg ansvar for å sikre eit inkluderande og fagleg stimulerande læringsmiljø, vidareutvikle kvaliteten i utdanningstilbodet og å sikre gode rammevilkår for både lærings- og studiekvardagen.
Du må vere ein aktiv leiar som stimulerer til utvikling og samarbeid innanfor og utanfor instituttet. I stillinga vil du få god moglegheit til å utvikle deg sjølv som leiar i nær samhandling med leiargruppa ved instituttet og med støtte frå fakultet, dekanat og universitetsleiing. Du vil ta del i den faglege og organisatoriske verksemda på både fakultets- og universitetsnivå, og du får dermed stor innverknad på utviklinga av humaniora som fagfelt.
Om instituttet
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har om lag 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Arbeidsoppgåver og ansvar:
Instituttleiar har det overordna ansvaret for den samla faglege og administrative verksemda ved instituttet. Instituttleiaren har fullmakt til å prioritere og gjere strategiske val innanfor instituttet sine samla ressursar, med unntak av saker som skal avgjerast i instituttrådet.
Leiaren sitt ansvarsområde omfattar strategisk og fagleg-politisk leiing og leiing av forsking, forskarutdanning, undervisning og formidling ved instituttet. Som instituttleiar vil du mellom anna ha ansvar for forvalting av studietilbodet inkludert ressursbruk. Gjennom tett samarbeid med fagtilsette og studentar skal instituttleiar bidra til å sikre høg fagleg kvalitet i studieprogramma.
Utvikling og drift av forskingsaktiviteten er ein del av den faglege leiinga. Det høyrer med til instituttleiar sine oppgåver å motivere tilsette til å skaffe ekstern forskingsfinansiering og oppmuntre til forskingsformidling. Instituttleiar har ansvar for det internasjonale samarbeidet ved instituttet.
Stillinga har arbeidsgjevaransvar ved instituttet, ansvar for HMS-tiltak og administrasjon, og innstillingsfullmakt i tilsetjingssaker. Instituttleiaren har ansvar for utforming av årsplan og budsjett, og skal sikre rasjonell drift og budsjettbalanse innanfor rammevilkår gitt av fakultetsstyret.
Vi søkjer ein instituttleiar som:
- Bør ha professorkompetanse.
- Har fagleg-administrativ leiarerfaring frå sektoren eller andre komplekse organisasjonar med faglege oppgåver.
- Har god kjennskap til nasjonal og internasjonal forsking, utdanning og forskingsfinansiering for fagområda ved instituttet.
- Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved universitetet er norsk.
I tillegg blir det lagt vekt på:
- Evne til strategisk tenking og planmessig handling innanfor gjevne ressursrammer.
- Evne til å arbeide resultatorientert mot fastsette mål.
- Evne til og erfaring med personalleiing og økonomistyring.
- Evne til å ivareta studentperspektiv gjennom aktiv involvering av studentane i instituttet si utvikling.
Som leiar bør du ha:
- Ein motiverande, open, målretta og inkluderande leiarstil.
- Evne til å leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø.
- Solide kommunikasjonsevner.
- Solide evner til å byggje relasjonar og samarbeid.
- Har høg integritet og evne til å skape tillit.
- Fokus på utvikling og å finne gode løysingar
Personleg eignaheit vil bli vektlagt i vurderinga.
Hos oss får du:
- Interessante og utviklande leiaroppgåver.
- Eit fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- Dyktige og engasjerte tilsette i aktive fagmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
- Løn i stillingskode 1475 vert fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 1 134 700 - kr 1 205 800, avhengig av kompetanse og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Mogeleg fast stilling etter utløp av to heile åremålsperiodar.
Slik søkjer du stillinga:
Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida.
Nærare om tilsettingsprosessen her.Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan, professor Camilla Brautaset på telefon 55 58 23 06 / 473 29 832 eller e-post camilla.brautaset@uib.no, eller til fakultetsdirektør Kim Ove Hommen på telefon 55 58 93 41 / 908 85 702 eller e-post kim.hommen@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
01054c75-953b-447f-9a05-55662446ac84
- Sist endret
8. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10272736
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen