Lege i spesialisering - fødselshjelp og kvinnesjukdomar
Gynekologiske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Om jobben
- Oppstart
- 1. september 2026
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering - fødselshjep og kvinnesjukdomar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 7. august
Vi har ledig ei spennande 100 % stilling (vikariat) for lege i spesialisering (LIS) i fødselshjelp og kvinnesjukdomar, med oppstart etter avtale og varigheit fram til 31.08.2027
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande miljø med åtte normerte legestillingar, fordelte på fem overlegar og tre LIS-legar. Seksjonen legg stor vekt på fagleg utvikling, tett samarbeid og god rettleiing. Som LIS vil du få ei variert og lærerik kvardag med høve til å utvikle brei kompetanse innan både fødselshjelp og gynekologi.
Fødeavdelinga har om lag 450-500 fødslar i året, med låg- til moderat-risiko fødslar. Vi utfører ikkje kreftoperasjonar, men tek oss av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vaktordninga er 6-delt, med heimevakt om natta. Dette gir god klinisk erfaring og ansvar, samstundes som ordninga legg til rette for ein god balanse mellom arbeid og fritid.
Både seksjonen og sjukehuset elles har eit godt arbeidsmiljø, er veldrivne og godt utstyrte. Vi har barnelege til stades 2-3 dagar i veka, men ingen barneavdeling.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Søkjarar som har fullført LIS1-tenesta, men ventar på formell godkjenning, vert også rekna som kvalifiserte for stillinga. Alle læringsmål i LIS1 må vere oppfylte før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Du har fagleg engasjement
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du medverker til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel, positiv og endringsorientert
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.Kontaktinformasjon
Vilde Lund Osdal, Seksjonsleiar, Vilde.Lund.Osdal@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5159125369
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 07.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d8530207-f03d-4d98-864e-c15d8d8b90cd
- Sist endret
30. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a41d220f72df4059917d95a99a0a1b02