Intensivsjukepleiar/sjukepleiar
Intensiv Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Om jobben
- Oppstart
- 17. august 2026
- Stillingstittel
- Intensivsjukepleiar/sjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 75%
- Arbeidstid
- Turnus
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. august
Er du vår nye intensivsjukepleiar/sjukepleiar?
Vil du jobbe i eit fagmiljø med høg kompetanse, varierte arbeidsoppgåver og tett tverrfagleg samarbeid? Då ønskjer vi deg velkomen til Intensiv i Volda!
Vi har eit ledig vikariat frå 17.08.26 til 31.12.26, med moglegheit for forlenging. Oppstartsdato kan avtalast.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg interessert intensivsjukepleiar/sjukepleiar som ønskjer å vere ein del av eit dyktig og inkluderande team.
Intensiv i Volda behandlar eit breitt spekter av medisinske og kirurgiske pasientar. Vi har ansvar for overvaking og behandling av kritisk sjuke pasientar, postoperativ oppfølging etter kirurgiske inngrep og ivaretaking av pasientar i samband med dagkirurgi.
Arbeidskvardagen er variert, utfordrande og lærerik, med vekt på kvalitet, pasienttryggleik og fagleg utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg
- Ansvar for ivaretaking av kritisk sjuke pasientar og deira pårørande
- Tett tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper
- Mottak, observasjon og oppfølging av postoperative pasientar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Videreutdanning i intensivsjukepleie er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg engasjert og ønsker å utvikle deg
- Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Du er fleksible, løysnigsorientert og tek ansvar
- Du har pasienten i fokus og bidreg til god kvalitet i behandlingen
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit spennande og variert arbeid i eit høgt kompetent fagmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Tett tverfagleg samarbeid
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og støttende kollegaer
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Melkorka Vidisdottir, Seksjonsleiar, Melkorka.Vidisdottir@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5143601198
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 17.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4d852a58-e718-4b21-851d-058f4dc1e999
- Sist endret
24. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f61d79e3947f4654951c5c1c68bfff1a