Hopp til innhold

Lege i spesialisering - kirurgi

Arbeidsgiver

Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kløvertunvegen 1, 6103 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Lege i spesialisering - kirurgi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 26. august

Vi har ledig ei 100 % fast stilling frå 1. september 2026 ved blautkirurgisk seksjon på Volda sjukehus, som er ein del av Helse Møre og Romsdal HF. Seksjonen er aktiv og framtidsretta, med eit breitt fagleg spekter innan blautkirurgi.

Seksjonen tilbyr eit variert arbeid med oppgåver innan poliklinikk, operativ verksemd og deltaking i vaktordning, noko som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling og brei klinisk erfaring. Vi legg stor vekt på tett tverrfagleg samarbeid og eit inkluderande arbeidsmiljø der kunnskapsdeling, fagleg engasjement og samarbeid står sentralt. Som lege i spesialisering vil du få arbeide saman med erfarne spesialistar og vere ein viktig del av eit kompetent fagmiljø som er oppteke av kvalitet og pasienttryggleik.
Seksjonen har eit sterkt fokus på utdanning og kompetanseutvikling, og legg godt til rette for rettleiing, supervisjon og progresjon i spesialiseringsløpet.

Vi ønskjer å gi våre LIS-legar best mogleg fagleg oppfølging og gode rammer for å utvikle seg både fagleg og personleg gjennom spesialiseringa.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i seksjonen sine aktivitetar innanfor vakt, poliklinikk og operativ verksemd
  • Rettleiing vert gjeve etter vanlege retningsliner

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS 1
  • Sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Må meistre norsk språk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert – du viser initiativ, interesse og bidreg aktivt til å nå felles mål
  • Du er strukturert – du arbeider planmessig, prioriterer godt og sikrar framdrift og kvalitet i arbeidet
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø – du er positiv, inkluderande og bidreg til trivsel og godt samarbeid
  • Du medverkar til god tverrfagleg samhandling – du samarbeider godt med ulike faggrupper og deler kunnskap og erfaringar

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her

Kontaktinformasjon

Therese Karina Saunes, Seksjonsleiar lege, Therese.Karina.Saunes@helse-mr.no
Gunnar Steve Dagslott, Seksjonsleiar, Gunnar.Dagslott@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5161998656
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.08.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Gunnar Steve Dagslott

Seksjonsleiar

Gunnar.Dagslott@helse-mr.no

Therese Karina Saunes

Seksjonsleiar lege

Therese.Karina.Saunes@helse-mr.no

Om bedriften

Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

65f32a4a-ee8e-41c0-a73b-a4bb3e7e0d36

Sist endret

10. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

418d7ff732804f88a85b96cefde88add

Lignende annonser

Laster lignende annonser