Hopp til innhold

Forvaltningsjurist

Arbeidsgiver

Vest politidistrikt

Sted

Krokatjønnvegen 15, 5144 Fyllingsdalen

Om jobben

Stillingstittel
Forvaltningsjurist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 23. august

Om stillinga

Ved driftseining Felles eining for utlending og forvaltning, Forvaltningsseksjonen, er det ledig to faste stillingar som rådgjevar med funksjon som forvaltningsjurist, med dagleg oppmøte ved Bergen Vest politistasjon. Dersom stillinga blir besett gjennom internt opprykk, vil det bli tilsett i ytterlegare éi fast stilling. For særleg kvalifiserte søkjarar kan tilsetjing som seniorrådgivar vere aktuelt.

Stillinga ligg til Avsnitt for juridisk forvaltning og har ansvar for distriktet sine forvaltningsoppgåver innan våpen, pass, hund, skytebaner, førarkort, kjøresetel, arrangement, vaktverksemd, m.m.  

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta innbyggarane sin rettstryggleik. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsførebygging. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som er fleksible og opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. 

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • Fatte vedtak etter forvaltningsloven og særlovgiving
  • Controller av saksbehandlarane sine vedtak
  • Fagressurs for distriktet og seksjonen med oppløringsansvar
  • Kontrollverksemd innan seksjonen sine fagområder 
  • Halde presentasjonar og innlegg både intern og eksternt
  • Samarbeide med både interne og eksterne aktørar
  • Fagutvikling innan seksjonen sine ansvarsområder
  • Ta del i andre naturlege arbeidsfelt for Vest politidistrikt etter behov 
  • Andre oppgåver pålagd av leiar

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert: 

  • Juridisk embetseksamen 
  • Gode juridiske kunnskapar
  • For stilling som seniorrådgivar er det krav om minimum 5 års arbeidserfaring innan relevant fagfelt
  • Nytte begge målføre 
  • Gode IT- og systemkunnskapar

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.  Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskeleg med: 

  • Erfaring med saksbehandling i offentleg sektor 
  • Førarkort klasse B

Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing. 


Personlege eigenskapar

  • Evne til å ta avgjerder i hektiske og pressa situasjonar, og dessutan vere lydhøyr for andre sine synspunkt, og kunne revurdera avgjerda si om nødvendig
  • Evne til å arbeida effektivt og strukturert med eiga portefølje, vera ansvarsmedviten og overhalda gitte prioriteringar og fastsette tidsfristar
  • Kunne jobba sjølvstendig, stola på eigne evner, kunnskap og vurderingar
  • Vere løysingsorientert med gode gjennomføringsevner
  • Forhalda seg lojal til avgjerder og gjevne prioriteringar, og sjølv kunne gjennomføra rette prioriteringar ut frå dette. På ein god måte vareta omsyn til grundigheit og effektivitet 
  • Kunne vere med å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode pedagogiske evner ved gjennomføring av opplæring og fagleg formidling

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattforma her 


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet i framtida 
  • Stillinga blir løna som rådgivar (stillingskode 1434) frå 720 000,- brutto pr. år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan tilsetjing som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) med løn frå kr 820 000 brutto per år vere aktuelt. Vidare lønnsutvikling skjer i samsvar med hovudtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her. 
  • Gode arbeidsvilkår (sommar- og vintertid, fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida o.l.)

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktpersoner for stillingen

Spørsmål til elektronisk søknad/ CV

Seksjon for HR

207.HR@politiet.no

Kristi Fürstenberg

Seksjonssjef

+47 41 40 77 78

kristi.furstenberg@politiet.no

Om bedriften

Vest politidistrikt dekker 38 kommuner i Vestland fylke, med til sammen 609 000 innbyggere. Distriktet følger ikke fylkesgrensene helt – kommunene Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio tilhører Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1300 ansatte, med politimester Ane Kvaal som øverste leder. Politimesteren har sitt kontor i Bergen, hvor også felles operasjonssentral er lokalisert.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d77267d2-cdf8-4dd1-beed-f48f7e1a734f

Sist endret

8. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10303183

Lignende annonser

Laster lignende annonser