Hopp til innhold

Fyrstekonsulent – restanseprosjekt innan våpenforvaltning

Arbeidsgiver

Vest politidistrikt

Sted

Krokatjønnvegen 15, 5144 Fyllingsdalen

Om jobben

Stillingstittel
Fyrstekonsulent
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 23. august

Om stillinga

Ved driftseining Felles eining for utlending og forvaltning, Forvaltningsseksjonen, er det ledig ei toårig prosjektstilling som fyrstekonsulent, med arbeidsstad Bergen Vest politistasjon.

Stillinga er knytt til eit prosjekt for å redusere restansar innan våpenforvaltninga etter at delar av saksbehandlinga vart sentralisert til Nordland politidistrikt. Du vil vere ein del av Avsnitt for juridisk forvaltning og bidra til effektiv saksflyt og god service overfor publikum.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Arbeidskvardagen vår er variert og til tider hektisk. Vi søkjer deg som trivst med fleire oppgåver samtidig, tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver og samarbeider godt med andre. Du er serviceinnstilt, strukturert og møter publikum og kollegaer med respekt og profesjonalitet.

Høyrest dette interessant ut? Då ønskjer vi å høyre frå deg.


Arbeidsoppgåver

Som del av prosjektet vil du bidra til å redusere restansar innan våpenforvaltninga. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

  • Publikumsrettleiing på telefon og i digitale kanalar
  • Registrering, kvalitetssikring og arkivering av dokument og saker
  • Administrative oppgåver knytt til behandling av forvaltningssaker
  • Handtering av fysisk og digital post
  • Bidrag til effektiv saksflyt og god brukarservice
  • Andre oppgåver etter nærare avtale med leiar

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • 3-årig vidaregåande opplæring eller relevant fagbrev
  • God digital kompetanse og erfaring med bruk av IKT-verktøy
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.  Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskjeleg med:

  • Erfaring frå offentleg forvaltning eller administrativt arbeid
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • arbeider strukturert og sjølvstendig
  • er løysingsorientert og tek initiativ
  • handterer periodar med høgt arbeidspress på ein god måte
  • yter god service og kommuniserer godt med ulike menneske
  • samarbeider godt og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ei spennande prosjektstilling med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Stillinga vert lønna som fyrstekonsulent (stillingskode 1408) frå kr 485 000 brutto per år. Løn blir fastsett etter kvalifikasjonar. Vidare lønnsutvikling skjer i samsvar med hovudtariffavtalane i staten
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no 

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktpersoner for stillingen

Spørsmål til elektronisk søknad/ CV

Seksjon for HR

207.HR@politiet.no

Kristi Fürstenberg

Seksjonssjef

+47 41 40 77 78

kristi.furstenberg@politiet.no

Om bedriften

Vest politidistrikt dekker 38 kommuner i Vestland fylke, med til sammen 609 000 innbyggere. Distriktet følger ikke fylkesgrensene helt – kommunene Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio tilhører Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1300 ansatte, med politimester Ane Kvaal som øverste leder. Politimesteren har sitt kontor i Bergen, hvor også felles operasjonssentral er lokalisert.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bf725b95-72de-409a-85a1-95a1addc89e9

Sist endret

8. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10303182

Lignende annonser

Laster lignende annonser