Medisinsk operatør
Kirurgisk serviceklinikk/ Akuttmedisinsk avdeling, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Medisinsk operatør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) har medisinsk fagleg og teknisk utfordrande arbeidsoppgåver. Ein skal ta hurtige avgjerder for å berge liv og begrense skade. AMK Bergen har ein sentral funksjon i Helse Bergen sitt beredskapsapparat både i og utanfor sjukehuset.
AMK Bergen svarer om lag 200 000 telefonar pr år, 64 000 av desse er 113 henvendingar.
AMK Bergen skal:
- sikre befolkninga rask og direkte kontakt med akuttmedisinsk helsepersonell
- tilby medisinsk rådgiving
- vere bindeledd mellom helsepersonell i og utanfor sjukehus i akutte hendingar
- flåtestyring og koordinere bil- og båtambulanseressursar i Helse Bergen sitt område
- koordinere luftambulansetenester i Helse vest
- regional AMK i Helse Vest
- samarbeide med andre nødetatar
AMK Bergen har nå ledig stilling:
1 x 100% fast stilling som medisinsk operatør med rotasjon mot ambulansetenesta på Haukeland
1 x 100% fast stilling som medisinsk operatør med rotasjon mot ambulansetenesta
Stillinga vil vere kombinasjonsstilling delt 50/50 mellom AMK Bergen og ambulansetenesta i Helse-Bergen, seksjon Nord.
Arbeid i AMK er basert på 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Besvare 113
- Intervjue innringar systematisk
- Foreta medisinsk vurdering og triagering via telefon/video
- Gje råd og instruksjon til innringar
- Motta ambulansebestillingar
- Arbeid i tverrfaglege grupper
- Samhandle med interne og eksterne aktørar
- Delta på øvingar i arbeidstida
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller paramedisinar
- Førarkort klasse C1 og kompetansebevis for utrykkingskøyring (kode 160)
- For rullering mot ambulanse er det krav om minimum gjennomført vikarkurs eller tilsvarande.
- Miminum 2 års erfaring frå akuttmedisinsk arbeid
- Gode IKT ferdigheiter
Personlege eigenskapar
- Trivast med å arbeide sjølvstendig og systematisk
- Samarbeidar godt med kollega i team
- God simultankapasitet og besluttningsevne
- Fagleg engasjert og har forståing for tverrfagleg akuttmedisinsk arbeid
- Evne til empati og omsorg for andre
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Meistrar norsk flytande, skrifleg og munnleg, samt engelsk som arbeidsspråk
- Personlege eigenskaper vil bil vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Intern opplæring og praksis med rettleiing
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
- Årsturnus
- Fagdagar i turnus
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Bedriftidrettslag (Medlemskap kostar 45,- per månad og gir tilgang til treningsfasilitetar)
- Microsoft 365 lisens
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Daniel Nåmdal, Ass.seksjonsleiar, 91127482, daniel.namdal@helse-bergen.noÅge Carl Jensen, Ass. seksjonsleiar, 97779544, age.carl.jensen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5071734964
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d75c7732-0ef4-4d39-aa11-8284bbe4e3e7
- Sist endret
6. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ec3ddc4d203e419fa1bf223de979fb0a
Lignende annonser
Autorisert Ambulansearbeidar/Paramedisinar
Arbeidsgiver
Kirurgisk serviceklinikk/ Akuttmedisinsk avdeling, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Kirurgisk serviceklinikk/ Akuttmedisinsk avdeling, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Trykkammeroperatør i beredskapsvakt
Arbeidsgiver
Hyperbarmedisinsk seksjon, Helse Bergen HF, Yrkesmedisinsk avdeling
Sted
Bergen