Hopp til innhold

Vi søker dyktig tømrer til fast stilling!

Arbeidsgiver

Byggmeister Tore Hovland AS

Sted

6854 Kaupanger

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Faglært Tømrer
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om oss

Byggmeister Tore Hovland AS er eit solid tømrarfirma med røter tilbake til 1978 -- og med blikket retta framover. Me leverer kvalitet gjennom heile byggeprosessen, og størstedelen av prosjekta våre finn du i Sogndal og omegn.

Som ein allsidig og erfaren aktør tek me på oss alt frå spennande nybygg og tilbygg til krevjande rehabiliteringsoppdrag og effektiv elementproduksjon. Hos oss får kundane skreddarsydde løysingar -- og du blir del av eit miljø som set fagstoltheit, samarbeid og godt humør høgt.

Me er opptekne av å skape ein arbeidsplass der alle kjenner seg verdsette, får utvikle seg og kan bidra med sine styrkar. Her blir du ein viktig del av laget frå dag éin.

Arbeidsoppgåver

Som tømrar hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med både innvendige og utvendige oppgåver på ulike typar prosjekt. Du vil møte utfordringar og faglege moglegheiter kvar einaste dag, som bidreg til å utvikle deg vidare i faget. Arbeidet vil variere frå rehabilitering og ombygging til tilbygg og nybygg.

Du vil òg vere ein viktig del av verksemda sitt HMS- og KS-arbeid og bidra til at arbeidet blir utført trygt, effektivt og med høg kvalitet.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som tømrar

  • Førarkort i klasse B/BE

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Har sterk fagleg stoltheit

  • Er nøyaktig, sjølvstendig og kvalitetsbevist

  • Er positiv, serviceinnstilt og løysingsorientert

  • Er påliteleg, ansvarsbevisst og ryddig

  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team

  • Kommuniserer godt med andre og bidreg til gode relasjonar

Me tilbyr

  • Fast tilsetjing

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver

  • Godt og sterkt fagmiljø med dyktige handverkarar

  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Moglegheiter for fagleg utvikling og vidare kompetanseheving

Om bedriften

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d69e2800-701b-40b3-b8ec-80633a84b27b

Sist endret

14. desember 2025

Hentet fra

FINN

Referanse

439873870

Lignende annonser