Tømrar i Sogn -- trygg jobb, gode folk
Nordbohus Sogn AS
Bordvegen 17, 6854 Kaupanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Tømrer
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Me søkjer fleire tømrarar til laget vårt i Sogn.
Hos oss får du ein trygg og variert arbeidskvardag saman med gode kollegaer, spennande prosjekt og eit arbeidsmiljø der folk trivst. Me ønskjer oss deg som er stolt av faget ditt, likar å få ting gjort skikkeleg, og som vil vere med å bygge vidare på eit godt lag.
Kvifor jobbe hos oss?
Hos oss får du meir enn berre ein jobb. Du blir del av eit solid tømrerfirma med varierte prosjekt, ryddige forhold og godt samhald. Me har oppdrag i Sogndal, Luster og nærområdet. Me jobbar på prosjekt som betyr noko i lokalmiljøet, td bygger me ny skule for sogndal kommune til 700 elever, me har bygd fleire barnehager og offentlige bygg. I tillegg har me bygd ut fleire bustadfelt som bråtane på kaupanger, hanaskjern i Gaupne, Vedlegjerdet på Kjørnes og Likgjerdet i Sogndal. Utover dette bygger me einebustader og hytter rundt i heile sogn.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå prosjekt og erfaring, men vil mellom anna kunne omfatte:
-
tømrerarbeid på små og store prosjekt
-
oppføring og rehabilitering
-
sjølvstendig arbeid og samarbeid i lag
-
kvalitetsarbeid og god gjennomføring på byggeplass
Kven ser me etter?
Me ser gjerne etter deg som:
-
er faglært tømrar, eller har solid relevant erfaring
-
arbeider sjølvstendig og tek ansvar
-
er påliteleg og løysingsorientert
-
trivst med samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
-
har førarkort klasse B
-
fast jobb i eit solid firma
-
gode og ordna arbeidsforhold
-
varierte og spennande prosjekt
-
dyktige og trivelege kollegaer
-
moglegheit for fagleg utvikling
-
konkurransedyktige vilkår
For oss er det viktig at folk trivst på jobb. Me trur at gode prosjekt blir skapte av gode folk som arbeider godt saman.
Vil du vere med på laget?
Ta kontakt for ein uforpliktande prat, eller send inn søknad i dag.
Om bedriften
Nordbohus Sogn AS er eit selskap i konsernet NBH Sogn Eigedom AS som består av fleire selskap som driv med eigedomsutvikling. Me sel og byggjer bustadar i heile Sogn og deler av Sunnfjord. I tillegg forhandlar me Saltdalshytta og er aktive på bygging av offentlige bygg som barnehagar, skular mm. Me er for tida 32 tilsette og konsernet samla har ei omsetning på omkring 150 mill. i året. Bedrifta har ambisjonar om vekst og vil være den dominerande entreprenøren i Sogn.
Bedrifta har stort fokus på at dei tilsette skal ha det bra, me er fagorganiserte og arrangerer jamnleg sosiale tilstelningar. Me tilbyr konkurransedyktige vilkår på lønn, pensjon, bonusordningar mm.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8f53888b-c6c1-4ef2-9ce4-a4fdf7d7986a
- Sist endret
27. april 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
460032049