Hopp til innhold

Sjukepleiar - 100% fast

Arbeidsgiver

Sjukeheimen langtidsavdeling, Vinje kommune

Sted

Vinjevegen 212, 3890 Vinje

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar - 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vil du vere med på å skape framtidas eldreomsorg? På Vinje sjukeheim får du høve til å bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko.

Me ser etter ein engasjert sjukepleiar som vil bidra til å vidareutvikle eit fagmiljø der trivsel, omsorg og kvalitet står i sentrum. Hos oss får du ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, god støtte frå kollegaer og eit miljø der me heiar på kvarandre.

Har du lyst til å jobbe på sjukeheim og set pris på både faglege utfordringar og gode relasjonar – då håpar me du søkjer!

Dette er Vinje sjukeheim:

  • Korttid/rehabilitering: 9 plassar (2 KAD-plassar)
  • Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupper
  • Somatisk langtidsavdeling: 12 plassar

Me jobbar målretta for å gje kvar bebuar ein kvardag som tek utgangspunkt i deira eigne interesser, ressursar og behov. Pårørande er ein viktig samarbeidspartnar for oss, og saman skaper me gode og meiningsfulle dagar for bebuarane. Som sjukepleiar blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. Her får du utvikle deg, påverke, og vere med å forme eit trygt og fagleg sterkt tilbod.

Me nyttar årsturnus, noko som gir deg betre moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og planleggje fritida di for heile året. 


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiaroppgåver, både admisistrative og prosedyrer i direkte kontakt med bebuarar
  • Rettleie og gje opplæring til kollegaer, bebuarar og deira pårørande
  • Oppfylging av KAD-plassar, som er kommunale ø-hjelpsplassar
  • Samtaler og tett kontakt med pårørande
  • Dokumentasjon - tiltaksplanar og oppfylging
  • Bidra i implementering av OBS-plan på avdelinga
  • Utvida administrativt ansvar ved fråvær av leiar (kveld/natt/helg)

Kvalifikasjonar (overskrift)

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Har du vidareutdanning innanfor geriatri, demens eller palliasjon er dette ein fordel, men dette er ikkje eit krav
  • Gode norskferdigheiter,  både munnleg og skriftleg
  • Lovkrav om politiattest (ikkje eldre enn 3 månadar)

  • Du har eit smil på lur, ein dose humor og ei vilje til å sjå moglegheiter framfor begrensingar
  • Du har fagleg fokus og eit stort hjarte for eldreomsorg
  • Du er fleksibel, engasjert og er klar for ein spanande jobb
  • Du trivst med ansvar og er trygg på deg sjølv - både som menneskje, sjukepleiar og kollega
  • Du jobbar sjølvstendig, men trivst også i team
  • Du har god gjennomføringsevne, er fleksibel og endringsvillig
  • Du held deg fagleg oppdatert på gjeldande prosedyrer
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetjing. Me oppmodar nyutdanna til å søkje.

  • Ein god arbeidsplass med engasjerte medarbeidarar som har fagleg fokus på pasientane og som yter det vesle ekstra
  • ABC-kurs innanfor ulike geriatriske tema
  • Det blir gjeve støtte til vidareutdanning, særskilt innanfor demensomsorg
  • Dersom du ikkje ynskjer fast stilling er du velkomen til å søkje likevel, me har også behov for tilkallingsvikarar
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
  • Me har eit aktivt friluftsliv i kommunen

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Hanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24

Arbeidsstad

Vinjevegen 212
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5078930754
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Hanne Kristin Finkenhagen

Avselingsleiar langtidsavdelinga

+47 99 25 16 24

Om bedriften

Vinje sjukeheim har eit godt tverrfagleg team rundt seg, i samarbeid med ergoterapeut, fysioterapeut, demenskontakt, kjøkkenassistentar og frivillige. Me har ei god samansetning av godt erfarne pleiarar, og yngre og nyutdanna krefter. 

Langtidsavdelinga på sjukeheimen består av 25 sengeplassar fordelt på 3 grupper. 13 plassar er tilrettelagt for personar med kognitiv svikt og demens. Ei langtidsavdeling med 12 sengeplassar, der pasientane får pleie og stell gjennom heile døgnet. Det er legevisitt tre dagar i veka av fast tilsynslege. 
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d67bf6ef-9488-49c2-8bc8-b4a9dbfcedc7

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fe6c4cf60b414cf09a49c22865f9a915

Lignende annonser