Ferievikarar - inntil 100%
Psykisk helse og rus, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Om jobben
- Stillingstittel
- Ferievikarar - inntil 100%
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Har du lyst på ein meiningsfull sommarjobb der du gjer ein forskjell for andre? Då kan Bruli bufellesskap vera rette staden for deg!
Me leitar etter engasjerte sommervikarar som ønskjer å jobba med menneske – enten du er ferdig utdanna, student eller elev. Dette er ei flott moglegheit til å få verdifull erfaring innan psykisk helse og rus, og samstundes utvikle deg fagleg og personleg.
Bruli bufellesskap har sju bueiningar der kvar bebuar bur i eigen leilegheit og får tilpassa tenester frå kommunen. Me er opptekne av å skapa tryggleik, forutsigbarheit og gode kvardagar for kvar enkelt – på deira eigne premissar. I tillegg gjev me tenester til nokre brukarar som bur utanfor bufellesskapet.
Hos oss blir du ein viktig del av eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø, med fokus på fagleg utvikling og godt samarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid - gjennom å støtte bebuarar i å meistre eigen kvardag, bidra til struktur, trivsel og gode opplevingar
- Praktisk bistand i leilegheitene - som matlaging, rydding, hygiene, reinhald og andre daglege oppgåver der dette er ein del av tenesta
- Praktiske oppgåver i avdelinga - praktiske gjeremål som å halde orden i fellesareal, førebu felles måltid på laurdagar og andre helsefaglege oppgåver
- Gjennomføre gåturar, handleturar eller andre små aktivitetar i nærmiljøet
- Medikamenthandtering - dele ut medisin i tråd med gjeldande rutinar
- Dokumentasjon i journal
Kvalifikasjonar
- Du er sjukepleiar, vernepleiar eller har anna relevant høgskuleutdanning
- Du har fagbrev som helsefagarbeidar eller har anna relevant fagutdanning
- Du er elev/student innan helse- eller sosialfag og ynskjer arbeidserfaring
- Du er ufaglært, men har erfaring/interesse for arbeid med å bistå mennesker med sammensatte behov
- Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar (tilsvarande nivå B2)
- Du har digital kompetanse
- Du har førarkort for bil - kl. B (ikkje krav for å søkje stillinga)
- Politiattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du er påliteleg, arbeidsom og sjølvstendig
- Du har evne til å skape gode, trygge relasjonar til både brukarar, pårørande og kollegaer
- Du har gode samarbeidsevner og er ein positiv lagspelar som bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø
- Du tar initiativ og ynskjer å lære
- Du har interesse for menneskje med samansette behov
- Du snakkar og forstår norsk godt
Vi tilbyr
- Eit godt fagmiljø med engasjerte kollegaer
- Utfordrande, spennande og varierande arbeidsoppgåver
- God forsikrings- og pensjonsordning
Bonusordning for sommarferievikarar
Me tilbyr ein sommarbonus på kr. 22 000. Du får bonusen dersom du arbeider meir enn 75 % stilling, er med oss minst seks veker i sommerperioden 26–33, og jobbar halvparten av helgene.
Bonusen blir utbetalt saman med siste løn – ein fin start på hausten!
Opplæring blir avtalt med kvar enkelt ferievikar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande etter søknadsfristen. Du må levere vitnemål og attestar.
Du må seie kva for veker i perioden du kan jobbe. Søkjarar som kan jobbe 6-8 veker blir prioritert, og du må rekne med å arbeide annankvar helg.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Kyrre Saupstad, Verksemdsleiar psykisk helse og rus, +47 46618242, kyrre.saupstad@vinje.kommune.noArbeidsstad
Vinjevegen 1923890
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5070265578
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me arbeider med individuell oppfylging, gruppebaserte tiltak og drift av dagsenter. Avdelinga har 13 årsverk med ulik fagbakgrunn og høg kompetanse.
Bufellesskapet Bruli har 8 bustadar for personar med alvorlege psykiske utfordringar, samt 2 bustadar for personar med særskilde bu-utfordringar.
Me har også ansvar for tenester retta mot barn og unge, i tett samarbeid med skulehelsetenesta.
Me er opptatt av inkludering, meistring og hjelp til sjølvhjelp for brukarane våre.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
204912d7-27d9-4d43-a5c8-8de496794a96
- Sist endret
13. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9c683e7a7c61405b9bb4edda2b4c20d2
Lignende annonser
Ferievikarar i inntil 100%
Arbeidsgiver
Heimebaserte tenester, Vinje kommune
Sted
Vinje
Arbeidsgiver
Sjukeheimen langtidsavdeling, Vinje kommune
Sted
Vinje
Miljøterapeuter tilkalling
Arbeidsgiver
Telemark ungdomssenter, avdeling Miljøheimen
Sted
Vinje