Stipendiat i samanliknande mitokondriedynamikk
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat i samanliknande mitokondriedynamikk
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. januar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i samanliknande mitokondriedynamikk
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i samanliknande mitokondriedynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå NFR.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Mitokondria driv komplekst liv. Dei er svært dynamiske og beveger seg gjennom cella med rask og kompleks kollektiv rørsle – sjå gjerne www.mitochondriamove.com. Mitokondriepopulasjonar i celler dannar «sosiale nettverk», der dei møtest og utvekslar biomolekyl i eit cellulært samfunn. Årsakene til denne åtferda er framleis lite forstått, og utanom nokre modellarartar er sjølve åtferda dårleg karakterisert.
Vi har nyleg utvikla ein tverr-eukaryotisk teori som knyter denne rørsla til vedlikehald og deling av essensielle biomolekyl på tvers av mitokondriepopulasjonen i cella (PMID 38043948). Teorien er allereie støtta av eksperiment i modellplantar, og føreslår at mitokondria i eit breitt spekter av artar kan stå overfor dei same evolusjonære pressa. Dette prosjektet vil utforske denne hypotesen ved å kombinere levande celleavbilding av mitokondria i plantar, algar og marine metazoa med databasert analyse for å finne universelle prinsipp for mitokondrierørsle på tvers av desse artane.
Prosjektet er ein del av det NFR-finansierte prosjektet «MitoPhyto», som kombinerer eksperimentelle og modellbaserte tilnærmingar for å utforske mitokondrieåtferd. Dette er ein av to ph.d. stillingar på «MitoPhyto» ved Matematisk institutt, der denne fokuserer på biologi og laboratoriearbeidet vil finne stad ved Michael Sars-senteret, og den andre omhandlar matematikk og modellering. Vi tar sikte på at kandidatane til desse stillingane kan starte om lag til same tid, og kan jobbe saman så vel som med prosjektleiar for å utvikle dugleik og kompetanse mens dei er tilsett på prosjektet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan cellebiologi, biomatematikk eller eit samanliknbart fagområde, eller ha levert masteroppgåve innan eit slikt tema til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Søkjarar må kunne vise evne til å ta i bruk tverrfaglege tilnærmingar til biologi i forsking, med å kombinere laboratoriearbeid og databasert analyse.
- Erfaring med levande celle-konfokalmikroskopi er ein fordel.
- Erfaring med kvantitativ cellebiologi og datamodellering, særleg ved bruk av R, er ein fordel.
- Erfaring med anvend statistikk er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: til prosjektleiar professor Iain Johnston, Matematisk institutt på iain.johnston@uib.no, eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas på Antonella.zanna@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d5b2044a-1560-49af-9ce8-5faf6e3a636c
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274703
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Stipendiat i i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen