Vaktmeister/oppsynsmann - 50% fast
Næringskontor, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Om jobben
- Oppstart
- 1. juni 2026
- Stillingstittel
- Vaktmeister/oppsynsmann - 50% fast
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Vinje kommune søkjer ein fleksibel og sjølvstendig oppsynsmann til drift og vedlikehald av kommunens eigedom Berunuten vest, som ligg på nordsida av Songavatnet på Hardangervidda, delvis innanfor Hardangervidda nasjonalpark. Berunuten vest omfattar sju opne hytter og tilhøyrande uthus, som blir nytta av friluftsfolk året rundt. Hardangervidda er særleg kjend for store villreinbestandar, rikt planteliv og eit variert fjellandskap – og Vinje er ein nasjonalparkkommune med lange tradisjonar innan jakt, fiske og friluftsliv.
Om stillinga
Som oppsynsmann får du eit allsidig arbeid med ansvar for tilsyn, drift og vedlikehald av både bygningar, infrastruktur og bruk av hyttene på Berunuten vest. Arbeidet skjer i eit høgfjellsområde med avgrensa tilgjenge, og krev difor god planlegging, sjølvstende og evne til å løyse praktiske problem i krevjande vær- og terrengforhold.
Arbeidsoppgåver
- Bestilling og utkøyring av ved (200–250 sekkar).
- Drift og bytte av gassdunkar.
- Vask, storvask og generelt tilsyn med hytter.
- Rydding av stiar og skuterløyper.
- Årleg brannrunde og kontroll av varslingsutstyr.
- Vedlikehald av solcelleanlegg, sikringar og teknisk utstyr.
- Renovasjon, etterfylling av forbruksartiklar og søppelhåndtering.
- Snømåking, klargjering og stenging av hytter.
- Vedlikehald av båt, bil, skuter og anna utstyr.
- Maling, beising og utskifting av vindauge.
- Snikkararbeid, inkludert innreiing og ombygging.
- Muring av piper, murar og konstruksjonar.
- Oppgradering av solcelleanlegg og batteri.
- Utbetring av dører, golv, tak og arbeid på båt-/naustbygningar.
- Mindre anleggs- og vedlikeholdsoppgåver på eigedomen.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev eller dokumentert erfaring som handverkar.
- Evne til sjølvstendig arbeid i fjellet.
- God fysikk og arbeidsevne i krevjande terreng.
- Førarkort klasse BE, S.
- Stillinga krev båtførarbevis, må ev ordnast før avtale
Personlege eigenskapar
- Praktisk og løysingsorientert.
- Ansvarsfull og fleksibel.
- Evne til å arbeide aleine over tid.
- God samarbeidsevne
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Løn etter lokal lønstabell- høgare enn KS sin sentrale minsteløn
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Per Wraa, Rådgjevar Skog og Vilt, 47607979, per.wraa@vinje.kommune.noKnut Martin Edland, Kommunalsjef Kultur, næring og fritid, 90947295, kme@vinje.kommune.no
Arbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5103920371
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 10.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d5a40dd2-f286-4052-bccb-d9846ed07725
- Sist endret
17. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ad8ab111e9f4f81a28add556e08747a